Korsfjorden i Sør-Varanger

Koordinatar: 69°45′7″N 29°51′9″E / 69.75194°N 29.85250°E / 69.75194; 29.85250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°45′7″N 29°51′9″E / 69.75194°N 29.85250°E / 69.75194; 29.85250 Korsfjorden (samisk Ruossavuotna) er ein fjordarm av Bøkfjorden og Varangerfjorden i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg sørvestover frå Bøkfjorden til Neidenfjorden. Kirkenes lufthamn ligg på sørsida av fjorden og Europaveg 6 går langs sørsida eit stykke vest for lufthamna. Heile fjorden ligg på søraustsida av Skogerøya.

Fjorden har innløp mellom Svenskesteinan i nord og Tømmerneset i sør og ligg like nord for Kirkenes.