Hopp til innhald

Skogerøya i Finnmark

(Omdirigert frå Skogerøya)
Skogerøya
Lokalt namn Sállan
Geografi
StadVarangerfjorden
Koordinatar69°51′N 29°52′E / 69.850°N 29.867°E / 69.850; 29.867
Areal129 km²
Høgaste punktSkogerøytoppen (445 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeFinnmark
Demografi
Folketal0

Skogerøya (nordsamisk Sállan) er ei øy i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Øya ligg nordvest for Kirkenes kilt mellom Kjøfjorden, Korsfjorden, Neidenfjorden, Bøkfjorden og er open utover mot Varangerfjorden. Øya har eit areal på 129 km² og er den einaste større øya i Aust-Finnmark.

Det høgaste punktet på øya er Skogerøytoppen (Ákkelgaisá) på 445 moh. Skogerøya er ikkje busett. Tidlegare busette stader var mellom anna Revøysund, Steinskjærnes, Nordleirvåg og Sørleirvåg. Det går veg på øya frå Steinskjærnes via Sørleirvåg til Nordleirvåg. Ved Skogerøya ligg Kjelmøya der det er gjort jernalderfunn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]