Kotzebue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete av byen

Kotzebue er ein by i Northwest Arctic Borough i Alaska. Han ligg på det nordlegaste ytterpunktet av Baldwinhalvøya og er oppkalla etter Otto von Kotzebue. Byen hadde ein folkesetnad på 3600 personar[1] i 2005 der 70% av dei er inuittar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kotzebue har eit tørt subarktisk klima (Köppen Dfc) med lange, kalde og snøfyllte vintrar og korte, milde somrar.

Temperaturane kan svinga mykje gjennom årstidene. Om vintrane har det vore temperaturar nede mot −50 °C medan det om somrane har vore temperaturar opp til 29 °C (sist dette hende var 19 juni i 2013).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bureau, US Census, «Population and Housing Unit Estimates Tables», The United States Census Bureau (på engelsk), henta 20. mars 2020