Krabbeetarsel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krabbeetarsel
Krabbeetarsel
Krabbeetarsel
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Krabbeetarsel
Utbreiinga av Krabbeetarsel
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Ekte selar Phocidae
Slekt: Lobodon
Art: Krabbeetarsel L. carcinophaga
Vitskapleg namn
Lobodon carcinophaga

Krabbeetarsel (Lobodon carcinophagus eller carcinophaga) er ein selart som lever i Antarktis. Han høyrer til familien Phocidae (hårselar, «ekte selar»). Trass namnet lever dei hovudsakleg av kril.

Tennene filtrerer ut kril frå sjøvatnet.

Krabbeetarselar er slanke, lysegrå selar som blir rundt 2,5 meter lange, og veg 200-300 kg i vaksen alder. Pelsen er einsfarga. Ungdyr er gjerne noko mørkare enn eldre. Hoene er noko større enn hannane.

Tennene til selen er særskilt tilpassa kosthaldet. Dei gjer at han kan filtrere kril frå vatnet. 95 % av føda til selen er antarktisk kril (Euphausia superba). I tillegg tek han også noko fisk og blekksprut.

Dyra lever gjerne i små familiegrupper, men kan også samla seg i større flokkar. Ungane blir fødde i september–desember. Svært mange av ungane døyr i løpet av første leveåret, mange av dei som bytte for leopardsel.

Krabbeetarsel har ei sirkumpolar utbreiing, men føretrekk pakkis framfor ope hav. Dei kan koma seg kvikt fram oppå is. Dei kan også vandra til område så langt unna som New Zealand, Australia, sørkysten av Afrika og Sør-Amerika.

Ein reknar med at det finst over 7 millionar individ, kanskje opptil eller over 15 millionar krabbeetarsel. Arten er dermed ikkje rekna som truga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lobodon carcinophagus
Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Krabbeetarsel