Krafse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Krafse med krafsetrau (krafsebrett)

Krafse (stundom òg kalla gravse) er ein reiskap som er samansett av eit breitt blad av jarn i svak boge, festa vinkelrett øvst på midten til eit solid skaft av tre, esla til å skrape jord, grus og sand med for å jamne ut eller flytte slik masse med handemakt. Krafsa vert ofte nytta i kombinasjon med eit trau, eit jarnbrett med sidehandtak som ein skrapar massen inn på, for deretter å fylle han i ei vogn eller trillebår, eller for å bere han på krafsebrettet til ein annan stad i nærleiken.

Nemninga krafse vert på sine stadar òg nytta om ei lita rive med grove tindar.