Hakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flåhakke.
Pigghakke.

Hakke (av lågtysk hack(e))[1] er ein er ein landbruks- og anleggsreiskap som vert nytta for å løysa opp jord og sand, fjerna stein og røter, og liknande arbeid. Reiskapen er laga av stål og har treskaft.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hakker kan førast attende til yngre steinalder, då dei til dømes kunne lagast av hjortehorn.[2]

Før mekaniseringa av landbruk og anleggsarbeid var hakker mellom dei viktigaste reiskapane. Til dømes ved grøfting måtte jord og stein hakkast laus før ein kunne kasta opp jorda med spade.

Ulike hakketypar[endre | endre wikiteksten]

  • Flåhakker kan nyttast til å flå av torv
  • Pigghakker, med minst ein krumma pigg eller ein pigg på kvar side, vert nytta i hard grunn. Tverrhakke er ein variant med eit breiare blad på eine sida.[3]
  • Ryddehakke, tverrblad på eine sida, «rotøks» på den andre[3]
  • Potethakke, vinkelbøygd greip med 3–5 tindar som er rundt 20 cm lange[3]
  • Gjødselhakken, litt større enn potethakke[3]
  • Grev

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «hakke» i Nynorskordboka.
  2. «Hand tool - Neolithic tools», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. desember 2020 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «hakke». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 29. november 2020.