Kjerre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bonde i kjerre med varer.

Kjerre (norrønt kerra, latin carrus) er ei enkel vogn som blir driven ved hjelp av dyre- eller handkraft. Kjerrer kan ha to eller fire hjul. Dei har mellom anna vore brukt til gardsdrift, varetransport, transport av personar og anna. Kjerrer blir ofte dregne av hestar, men kan også dragast av muldyr, esel, oksar, bøflar, kamelar, hundar eller geiter.

Ein kjerreveg er ein veg som passar til å køyra med ei kjerre, men kan vera dårleg for andre fargreier. «Kjerre» kan også brukast spøkefullt for å visa til ein bil.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjerre
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.