Krafskjerring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Krafskjerring var i eldre tid ei kone som hjelpte til ved fødsel. Ei krafskjerring hadde inga formell utdanning, men hadde lært «det nødtøftige» gjennom erfaring. Det var ofte stor skepsis til dei fyrste jordmødrene, ikkje minst på grunn av at dei hadde rett på betaling, og mange heldt fram med å nytta krafskjerringar. Mange stader tok det òg for lang tid å henta jordmora, på grunn av dårlege vegar, føre og styggvêr, så når jordmora kom fram hende det at fødselen var over, og det var da ofte ei lokal krafskjerring som hjelpte til.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.