Kravell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kravell er eit prinsipp for bygging av farkostar av tre.

I motsetnad til bygging av klinka farkostar vert her skjelettet reist først, spanta vert reiste på kjølen. Stundom vert ei kjølsville, kjølsvinet lagt over spanta og ho låser dei til kjølen. Plankane , eller huda, vert spikra eller nagla til spanta, men dei vert ikkje innbyrdes samanbundne.

På innsida av spanta er det vanleg å legge ein innvendig kledning som vert kalla garnering. Båten eller fartøyet får då dobbel hud, med spanta som avstandsklossar. Kravellbygde farkostar er bygde med kraftigare dimensjonar enn tilsvarande lange klinkerbyge skip. Dei vert såleis tyngre og stivare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]