Spant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette båtskjelettet i jarn består av spant, kjøl, stemn, rekkje og stringer.
Spanteformer til skipsskrog: Dei bogne linjene er loddrette tverrsnitt av skroget med same avstand mellom snitta.

Spant er avstivingar, tverrstivarar, av huda i eit skip eller fly, men kan òg brukast i andre konstruksjonar. Ei tynn plate avstiva med spant er normalt lettare og krev mindre byggemateriale enn om plata åleine skulle vera tjukk nok til å bera si eiga vekt og eventuelle ytre laster.

Historisk har treskip vorte bygd ved at ein først hogg til og la på plass kjølen. Deretter sette ein opp stamnene og spanta for å danna dei loddrette linjene til skipsskroget. Utanpå spanta kledde ein eit plankelag som vart huda på skipet. Hudplankane ligg i dag nesten alltid kant i kant, og denne byggemåten vert kalla i så fall for kravellteknikk. Dette gjev ein konstruksjon med tverskipsspant og er i dag vanlegast i mindre skip. I moderne, store skip kan ein òg velja langskipsspant.

Spanta kan gå i heile lengda elle høgda på skipet, men vil med jamne mellomrom kvile på bjelkar som går på tvers av spanta og tek opp kreftene som verkar i desse.

Både små og store trebåter i Nord-Europa er ofte bygd i skalbyggingsteknikk, som oftast klinkbygt (bordane overlappar kvarandre litt langs kantane). Eit slikt samanhengande skal er så sterkt at tverrstivarane kan verta gjort ganske spinkle. Dei vert sett inn i båtane etter at borda er sette på plass, og vert kalla helst band i staden for spant. Både vikingskip og alle norske robåttypar (t.d. oselvar) er klinkbygte, og utstyrte med band i staden for spant.

For småbåtar i plast og fiberglas er spantkonstruksjonar ikkje så vanleg. Der gjev formstøyping og sjølvberande konstruksjonar langt på veg spanta overflødige.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]