Krenelering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruk av krenelering ved forsvar.
Frå Eugène Viollet-le-Duc si Dictionnaire raisonné de l’architecture française du XIe au XVIe siècle.

Krenelering (av fransk créneler, ‘forsyne med takkar’) er ei spesiell utforming av den øvre delen av ein mur.[1] Det er eit brystvern på ei borg eller ein bymur som har regelmessige mellomrom som skyteskår. Kreneleringa er ofte laga samtidig som ein bygger bygningen, men kan òg byggjast til på festningar, herregardar eller slott. Kreneleringa har ein verna gang bakom der forsvararane kan ferdast. Medan krenelering opphavleg hadde ein viktig forsvarfunksjon, er det i seinare byggverk blitt nytta som dekorasjon i romantisk arkitektur.[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lueger, Otto (1910): «Zinne», Lexikon der gesamten Technik und ihrer Hilfswissenschaften, bind 8 Stuttgart, Leipzig, s. 1003-1004.
  2. Jan Torsten Ahlstrand. «krenelering». Nationalencyklopedin. Henta 21. juni 2015.