Krigsbarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Finske krigsbarn, nyleg komne til Stockholm i 1944.

Krigsbarn er barn som er særskilt råka av krig. Det kan vera barn unnfanga som følgje av krig, til dømes med soldatar som foreldre, barn tvinga til å flykta frå heimane sine, eller barn som på annan måte er innblanda i krigshandlingar eller følgjene av dei.

Innhaldet i omgrepet «krigsbarn» og opplevingane til dei som omgrepet gjeld varierer etter korleis samfunna dei lever i opplever krig. I nokre høve, som i Nord-Amerika under andre verdskrigen, var krigsbarn ofte barn av soldatar som drog utanlands for å kjempa i krigen, og som voks opp heilt eller delvis utan fedrar. I Storbritannia og Sverige/Finland kan det visa til barn som blei evakuerte på grunn av krigshandlingar og dermed voks opp borte frå familien sin. I land under framand okkupasjon eller med framande soldatar til stades på anna vis, viser krigsbarn ofte til barn fødde av lokale mødrer med slike «framande» soldatfedrar. Nokre barn kan ha kome til gjennom vanlege tilhøve medan andre kan vera følgjer av valdtekt. Korleis statusen deira preger livet til slike krigsbarn er avhengig av synet på dei framande soldatane og tilhøvet til dei. For barn fødd utanfor ekteskap eller barn av blanda opphav, som ofte kan vera tilfellet for krigsbarn, vil lokal toleranse for dette også ha mykje å seia for tilhøva deira.

Krigsbarn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg viser omgrepet særleg til barn av foreldre med medlemskap i Nasjonal SamlingNS-barn») eller barn av tyske soldatar i Noregtyskarungar») under andre verdskrigen. Felles for desse barna er at dei utan å ha gjort noko sjølv er at mange utsette for mobbing, utfrysing og liknande gjennom oppveksten i etterkrigsåra. Desse opplevingane skapt dårleg sjølvkjensle og ein livsvarig utryggleik hjå mange, og har jamnt over ført til at krigsbarn har dårlegare helse, økonomi og utdanning enn nordmenn i same aldersgruppe.

Den første interesseorganisasjonen til barn av tyske soldatar, Norges krigsbarnforbund, vart stifta i 1986. Usemje mellom anna om offentleg godtgjerdsle førte i 1999 til skipinga av Krigsbarnfobundet Lebensborn. Foreininga av norske NS-barn vart skipa i 1991.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

  • En hvitbok om krigsbarnsaken. Noregs forskningsråd 1999.
  • Bård Borge: Naziyngel, 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]