Krike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krike
Krike
Krike
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Amygdaloideae
Stamme: Amygdaleae
Slekt: Kirsebærslekta Prunus
Art: Krike P. insititia
Vitskapleg namn
Prunus insititia

Krike er eit (dialektalt i Vestfold og Grenland) norsk namn på det primitive plommeslaget damaskusplomme, villplomme eller sviskeplomme. Slaget er botanisk sett ein underart av den ekte plomma (Prunus domestica). Krika er ei etande steinfrukt. Ho er lita og kulerund med éin kubben, avlang stein som kvesser i båe endane. Fruktene kan minna noko om slåpebær, men er større og har god smak. Kriker kan brukast der ein elles ville bruka plommer: til bærsylte, nedkoking og i dessertar og kaker.

Kriketreet (Prunus domestica ssp. insititia) er ein lauvfellande busk eller eit lite tre med ein laus og open vokster. Det får både lange og stutte nyrenningar, og dei stutte er ofte bøygde. Borken er fyrst dunhåra og særs ljost grøn med raudfiolette ryfte. Seinare vert han tvileta med raudbrun ljosside og ljosgrøn skuggeside. Eldre greiner har ein blank, brun bork, som skalar av i sylvgråe flak. Gamle greiner og buskelegger får etter kvart ein grå og bresten bork med smale rivner. Knuppane sit spreitt, og på langrenningane lagar greina ein hyllevoren kuv under kvar knupp. Dei einskilde langrenningsknuppane er granne, strylleforma og kvasse. På stuttrenningane er knuppane meir eggete og nuve, og dei sit i klasar med 4-5 saman. Bløminga kjem i april-mai. Dei småe blomane er langstilka og er heilt kvite. Dei laver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raknes, Ola: Engelsk-Norsk Ordbok, Aschehoug, Oslo 1927
  • Raknes, Ola: Fransk-Norsk Ordbok, Noregs Boklag, Oslo 1939-1942
  • "krike" f. (Leksikografi - Metaordboka)
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.