Hopp til innhald

Kristelig Gymnasium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristelig Gymnasium
Org.nummer975013286
Grunnlagd1913
KommuneOslo kommune
EigarDet Norske Misjonsselskap,[1] Normisjon,[1] Norsk Luthersk Misjonssamband[1]
Elevar950 (2011) Endre på Wikidata
Skolepengar28 000 norsk krone (1 år; 2025),[2] 24 500 norsk krone (1 år; 2025)[2]
Tilsette100 (2011) Endre på Wikidata
Nettstadhttps://kg.vgs.no
Kart
Kristelig Gymnasium
59°55′26″N 10°43′46″E / 59.9239°N 10.7294°E / 59.9239; 10.7294

Kristeleg Gymnasium, forkorta KG, er ein kristen ungdoms- og vidaregåande skule i Bydel Frogner i Oslo. Skulen vart grunnlagd i 1913 som privat gymnasium av fem kristne organisasjonar. I 1967 fekk KG òg ungdomsskule. I dag er skulen ått av Det Norske Misjonsselskap, Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. I 2005 fekk ungdomsskuletrinnet ved KG beste resultat av privatskolane i landet.

Skulen har tradisjonelt fått fleire søkarar enn han har plassar til. Skulen utvida difor tilbodet med lokale i Pilestredet 56. Bygde stod ferdige hausten 2010.[3]

Skulen har to eigne songkor (KG Singers og KG-koret) og dessutan eit eige klokkekor (KG Bells). Desse held årleg ei rekkje konsertar, inkludert ein årleg Julesangaften i Oslo Konserthus.

Elevane ved skulen arrangerer årleg ein eigen innsamlingsaksjon (KGs Elevaksjon) til inntekt for ulike velgjerande organisasjonar.

Kjende elevar

[endre | endre wikiteksten]

Rektorar ved KG

[endre | endre wikiteksten]
  • 1908–1921: Aage Stabell
  • 1921–1951: Hans Nielsen Høeg
  • 1951–1955: Erling Smemo
  • 1955–1985: Hans Bovim
  • 1985–1993: Finn Andersen
  • 1994–2014: Tjostolv Berget
  • 2014–2021: Nils-Tore Sagen Mosvold
  • 2021–: Ingunn Juul
Referansar
  1. 1 2 3 https://www.kg.vgs.no/om-kg/historie/.
  2. 1 2 «Skolepenger - Kristelig Gymnasium» (på bokmål). 15. oktober 2024. Henta 12. oktober 2025.
  3. «KG utvider». Dagenmagazinet.no.