Kristian Lous
Kristian Lous | |
Fødd | 9. august 1875 |
---|---|
Død | 24. september 1941 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | astronom |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Barn | Eskild Lous |
Kristian Lous (fødd 9. august 1875 i Oslo, daud 24. september 1941) var ein norsk astronom.
Lous var observator ved Universitetsobservatoriet i Oslo frå 1919, og frå då dette vart nedlagd i 1934 ved Astrofysisk institutt. Han har skrive avhandlingar innafor celest mekanikk, teorien for trelekamproblemet og problemet om det kosmiske opphavet til kometane. Han var almanakkredaktør frå 1928 til 1941.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kristian Lous», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014