Kristian Moljord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristian Magnus Falsen Johansson Moljord (6. august 188229. oktober 1976) var ein norsk gruvearbeidar, fagforeiningsmann og stortingsrepresentant frå Beiarn i Nordland. Han representerte valkrinsen Nordland og Norges Kommunistiske PartiStortinget 1945-49.

Far til Moljord forpakta eit gardsbruk i Beiarn. Sjølv arbeidde heime på garden og dreiv fiske, deltok i lofotfisket frå 1897 til 1901. Deretter var han 1901-03 med om å byggje Ofotbanen. I 1903 drog han til Sulitjelma og byrja arbeide i gruva. Frå 1907 var han aktiv i fagrørsla, etter eit historisk møte halde islagte Langvatnet.

Moljord var medlem av Fauske heradsstyre 1910–16 og 1931–40. Periodane 1913–33 og 1935–45 var han formann i Gikens gruvearbeiderforening. Heile tida frå 1913 til 1955 stod han i fremste rekke i Arbeidsmannsforbundet kva gjaldt gruvespørsmål. Åra 1926, 1927, 1932 og 1945 var han formann i Sulitjelma faglege utval. Også formann i Sulitjelma kommunistiske parti ei tid.

Ved stortingsvalet i oktober 1945 vart Moljord inn på Stortinget frå Nordland. Dei neste fire sesjonane var han ein av 11 representantar frå Norges Kommunistiske Parti på Tinget. På Stortinget hadde han plass i Skog- og vassdragskomiteen. Moljord var elles kommunestyremedlem i Fauske frå 1947 til 1959.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]