Kristian Nilssen Hervik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristian Nilssen Hervik
Fødd20. mars 1804
Modum
Død3. februar 1885
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Kristian Nilssen Hervik (20. mars 18043. februar 1885) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han var far til Lauritz Hervik.

Far hans var gardbrukar, og han tok sjølv over farsgarden i 1836. Han dreiv denne til 1883. Hervik var medlem av heradsstyret 1838-73, ordførar 1852-65. Elles var han forlikskommissær 1838-78 og sparebankdirektør 1841-80.

Hervik representerte Buskeruds amtStortinget frå 1851 til 1860. I 1851 var han medlem av justiskomite nr 1 og lovkomiteen, medan han i 1854, 1857, på omframstortinget 1858 og stortinget 1859-60 var medlem av konstitusjonskomiteen. 2. mai 1860 vart han permittert grunna sjukdom.

Han døydde på garden sin i Modum i 1885.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914