Lauritz Hervig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauritz Hervig

Fødd17. april 1843
Modum kommune
Død13. mai 1918 (75 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
FarKristian Nilssen Hervik
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1898–1900)
  • vararepresentant til Stortinget (1889–1891)
  • vararepresentant til Stortinget (1895–1897)
  • ordførar i Skoger (1876–1904) Sjå dette på Wikidata

Lauritz Kristiansen Hervig (16. april 184313. mai 1918) var ein norsk gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Christian Hervig var far hans.

Hervig arbeidde frå 1860 til -68 hos kjøpmann Martinius Aass i Drammen. Frå 1869 var han gardbrukar på slektsgarden Nordre Fjell i Skoger. Tida 1874-1904 var han medlem av heradsstyret i Skoger, ordførar frå 1876. Frå 1881 til 1912 var han banksjef i den lokale sparebanken.

Valbolken 1895-97 var Hervig 1. varamann til Stortinget frå Jarlsberg og Larviks amt. Han møtte då på tinget, etter som den valde representanten Hans Jakob Aschjem vart sjuk og døydde vinteren 1895. Perioden 1898-1900 var han 2. representant frå valkrinsen. I begge periodane var han medlem av vegkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914