Bybrann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein bybrann er ein brann som øydelegg fleire hus, kanskje fleire kvartal, i ein by. Bybrannar har plaga byar med mange trehus sidan ein byrja å byggja dei, og brannvesenet kom til først og fremst for å hanskast med dette trugsmålet.

Murtvang er eitt anna tiltak som senkar brannfaren. Det er ei forskrift om at hus skal byggjast i mur heller enn brennbart tre. London gjorde dette etter brannen i 1666, det same gjorde Trondheim, mykje seinare, etter sin siste storbrann i 1842.

Etter at bruk av open eld er gått ned, hus er blitt bygde etter brannforskrifter og materialet for byhus er gått over til mur og stein, er faren for bybrannar sterkt redusert.

Kjende bybrannar[endre | endre wikiteksten]