Hopp til innhald

Kristin Evjenth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristin Evjenth (fødd i 1962) er ein norsk ballettdansar, musikalartist, musikar og fotograf.

Evjenth er kjend som vokalist i Sterk Naken og Biltyvene, men har bakgrunn som ballettdansar i Nasjonalballetten, som dansar ved Det Norske Teatret og skodespelar og dansar i musikalar og revyar.[1]

Kristin Evjenth dansa som barn ved Operaens Ballettskole. Som ungdom var ho elev ved The Royal Ballet School i London.

Dansekarriere

[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte for Nasjonalballetten i Don Quixote i 1981. Seinare hadde ho fleire rollar i musikalar, mellom anna i A Chorus Line og Grease før ho vart engasjert ved Det Norske Teatret i 1985. Der gjorde ho mellom anna rollar i framsyningane Kiss me Kate og Faust. Ho dansa i to av Nissa Nybergets revyar: Klapp igjen (1985)[2] og Søkka våt igjen (1988).[3]

Songkarriere

[endre | endre wikiteksten]

Kristin Evjenth vart med i orkesteret Sterk Naken og Biltyvene i 1990 og var med til 2005, då bandet hadde sin siste opptreden. Ho song og spelte keyboard på fleire av orkesteret sine plater, mellom anna SNoB II: Elskede!, Tretten døde roser (1994) og Brenn lille venn (2000). Saman med grunnleggjar Leif Helgeland song ho på Party, orkesteret sitt bidrag til hyllestplata for Raga Rockers Sannhet på boks i 2015.[4] Dette vart den siste songen som bandet spelte inn.

Seinare har ho vore vokalist og frontfigur i bandet Venus Flycatchers som gav ut albumet Scarred i 2021.[5]

Kristin Evjenth er utdanna fotograf frå Nordic School of Photography i 2006 og arbeidar som fotograf i Oslo.

  1. «Kristin Evjenth», sceneweb.no (på norsk), henta 3. september 2024 
  2. «Klapp Igjen», sceneweb.no (på norsk), henta 3. september 2024 
  3. «Søkka våt igjen», sceneweb.no (på norsk), henta 3. september 2024 
  4. «Sannhet på Boks - Raga Rockers», Falck Forlag AS (på norsk), henta 3. september 2024 
  5. «Scarred», www.platekompaniet.no (Platekompaniet), henta 3. september 2024 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]