Kristina Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristina Hansen
Fødd6. oktober 1963 (60 år)
Runavík
Statsborgar avNoreg, Færøyane
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedFøroya Læraraskúli
VervOrdførar i Nordkapp 2007-
FøregangarUlf Syversen
Alle verv

Kristina Sigurdsdóttir Hansen (fødd 6. oktober 1963) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Ho har vore medlem av Nordkapp kommunestyre sidan 2003 og ordførar frå 2007 til 2019.[1][2][3] Ho var fylkesråd for samferdsel i Troms og Finnmark fylkeskommune frå 2019 til 2021, då ho blei utnemnd til statssekretær for fiskeriministeren i Nærings- og fiskeridepartementet.[1]

Hansen er opphavleg utdanna adjunkt frå Føroya Læraraskúli i Tórshavn frå 1987. Ho har budd i Nordkapp kommune i Finnmark sidan slutten av 1980-åra.[4] Før ho vart ordførar, var ho personalkonsulent ved Kystverket i Troms og Finnmark.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kristoffersen, Tor Kjetil (14. oktober 2021). «Kristina måtte ta betenkningstid, men kunne ikke si nei». iFinnmark. Henta 24. august 2022.  (krev abonnement)
  2. Røttingen, Lars-Magnus H. (24. november 2020). «Innsikt og utsikt med Kristina Hansen». Finnmarksposten. Henta 24. august 2022.  (krev abonnement)
  3. 3,0 3,1 «Kristina Sigurdsdottir Hansen». Kommunal Rapport. Arkivert frå originalen 9. mai 2013. Henta 25. januar 2013. 
  4. Johansen, Geir (2009). «Havna gir oss styrke» (PDF). NæringsRapport (3). Arkivert frå originalen (PDF) 6. mars 2019. Henta 4. mars 2019.