Kystverket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kystverket
Coat of arms of the Norwegian Coastal Administration.svg
Type Forvaltingsorgan
Org.nummer 874783242
Skipa 1974[1]
Hovudkontor Ålesund
Kystdirektør Kirsti Slotsvik[2]
Tilsette 1 129 (2013)[3]
Undergrupper Kystverket Rederi[4]
Eigarskap Samferdselsdepartementet
Lokale ledd 5 regioner[5]

Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på sjøen langs kysten av Noreg. Kystverket er organisert med eit hovudkontor i Ålesund (Kystdirektoratet), fem kystdistrikt med distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg og ei beredskapsavdeling i Horten.

Kystverket har 12 større fartøy som vert nytta til nybygging, vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter, lanterner og merke langs kysten. Kystverket har ansvaret for lostenesta og Trafikksentralar.

Kystdirektoratet vart til i 1974 då Fyr- og merkevesenet, Losvesenet, og Hamnedirektoratet blei slått saman. I 1981 blei verksemda omforma til Kystverket, med Kystdirektoratet som hovudkontor. Frå 2007 har heile verksemda hatt namnet Kystverket.[6]

I 2008 vart Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket, formelt danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]