Kromatisk skala
Utsjånad
Ein kromatisk skala er ein skala som berre består av halvtonetrinn,[1] f.eks. c-ciss-d-diss osb. Dette gjer at ein oktav inneheld tolv etterfølgjande tonar. Innanfor likesvevande temperering finst det ingen grunntone i den kromatiske skalaen, då toneforholda er like uansett kva for tone ein startar på.
Frekvensforhold
[endre | endre wikiteksten]Frekvensane for to tonar med eitt oktavsintervall har forholdstalet 2. Ettersom alle halvtonar ved «normal», det vil seie temperert, stemming har same frekvensforholdstalet og talet halvtonetrinn i ein oktav er 12, er frekvensforholdstalet mellom to halvtonar = 1,059463....
Kromatisk skala i C: full oktav stigande og fallande
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «kromatisk skala», Lex (på dansk), 16. desember 2020, henta 30. januar 2026