Kronprins Olavfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 84°57′S 173°0′W
Kronprins Olavfjella
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 84°57′S 173°0′W
Administrert under Antarktistraktaten

Kronprins Olavfjella
85° S 173° W
Kronprins Olavfjella is located in Antarktis
Kronprins Olavfjella (Antarktis)

Kronprins Olavfjella er ei fjellkjede i Dronning Maudfjella som strekkjer seg frå Shackletonbreen til Livbreen inst i Rossisen.[1]

Dei vart oppdaga i 1911 av Roald Amundsen på veg til Sørpolen, og vart kalla opp etter kronprins Olav av Noreg.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Denne fjellkjeda omfattar følgjande fjell og toppar:

Fjell Høgd (moh) Koordinagar
Mount Wade 4084 84°51′S 174°19′W
Mount Fisher 4080 85°06′S 171°03′W
Centennial Peak 4070 84°57′S 174°00′W
Mount Ray 3904 85°07′S 170°48′W
Mount Sellery 3895 84°58′S 172°45′W
Mount Oliver 3800 84°56′S 173°44′W
Mount Campbell 3790 84°55′S 174°00′W
Jones Peak 3670 85°05′S 172°00′W
Mount Finley 3470 85°01′S 173°58′W
Mount Smithson 3000 84°59′S 172°10′W
Allaire Peak 1900 84°53′S 170°54′W

Allaire Peak[endre | endre wikiteksten]

Allaire Peak er ein fjelltopp som ligg 6 km nordvest for Mount Hall, mellom Goughbreen og Le Couteurbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein C.J. Allaire som var stabsoffiser for U.S. Naval Support Force i Antarktis under U.S. Navy Operasjon Deep Freeze i 1963.[2]

Mount Campbell[endre | endre wikiteksten]

Mount Campbell er eit høgt fjell som ligg 5,6 km søraust for Mount Wade. Det vart oppdaga og fotografert av USAS (1939–41), og kartlagd av A.P. Crary (1957–58). Det vart namngjeve av Crary etter Joel Campbell i U.S. Coast and Geodetic Survey, og leiar for dei geomagnetiske operasjonane 1957-60.[3]

Centennial Peak[endre | endre wikiteksten]

Centennial Peak er eit fjell 10,5 km søraust for Mount Wade. Det vart kartlagd av USGS frå landmålingar og U.S. Navy sine flyfoto 1960-65. Det vart namngjeve av US-ACAN til minne om hundreårsjubileet til Ohio State University i 1970. Universitetet har vore aktiv i forskinga av Antarktis sidan 1960.[4]

Mount Finley[endre | endre wikiteksten]

Mount Finley er eit fjell på ryggen som strekkjer seg sørover frå Mount Wade, og ligg 8 km sørvest for Mount Oliver. Det vart namngjeve av kontreadmiral Byrd etter John H. Finley, leiar av American Geographical Society på tida under Byrd Antarctic Expedition, 1928-30.[5]

Mount Fisher[endre | endre wikiteksten]

Mount Fisher er eit snødekt fjell 3 km nordvest for Mount Ray. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd på flyturane over Dronning Maudfjella i november 1929, og namngjeve av han etter Fisher-brørne, som var industrifolk i Detroit og som støtta ekspedisjonen 1928-30.[6]

Jones Peak[endre | endre wikiteksten]

Jones Peak er eit hovudsakleg isfritt fjell som ligg 8 km nordvest for Mount Fisher ved toppen av DeGanahlbreen. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter John M. Jones, leiar for komiteen for polarforsking hos United States National Academy of Sciences, 1957-1963.[7]

Mount Oliver[endre | endre wikiteksten]

Mount Oliver er eit fjell på over 3800 meter over havet, som ligg 3 km søraust for Mount Campbell. Det vart oppdaga og fotografert av USAS, 1939-41. Det vart kartlagd av A.P. Crary (1957–58) og namngjeve av han etter Norman Oliver ved Air Force Cambridge Research Center, som var prosjektleiar for polarlysforsking i Antarktis 1957-60.[8]

Mount Ray[endre | endre wikiteksten]

Mount Ray er eit fjell som ligg 2,4 km søraust for Mount Fisher. Det vart namngjeve US-ACAN etter Carleton Ray som var zoolog i USARP ved McMurdo Station somrane 1963-64, 1964–65 og 1965-66.[9]

Mount Sellery[endre | endre wikiteksten]

Mount Sellery er eit markant fjell mellom Mount Oliver og Mount Smithson. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd under ein flytur den 18. november 1929 og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Fjellet er kalla opp etter Harry Sellery i U.S. National Bureau of Standards, som var prosjektleiar for studiar av ionosfæren i Antarktis 1957-60.[10]

Mount Smithson[endre | endre wikiteksten]

Mount Smithson er eit fjell på over 3000 moh langs nordsida av Kronprins Olavfjella, 5 km aust for Mount Sellery mellom toppen av Kroutbreen og Harwellbreen. Det vart namngjeve av US-ACAN etter James Smithson, ein engelsk filantrop, som starta Smithsonian Institution.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]