Dronning Maudfjella
Dronning Maudfjella | |||
fjellkjede | |||
Kart over området
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land, Ross Dependency | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Dronning Maudfjella | |||
Wikimedia Commons: Queen Maud Mountains | |||
Dronning Maudfjella er ei stor fjellkjede som høyrer til Dei transantarktiske fjella, mellom Beardmorebreen og Reedybreen og omfattar området frå starten av Rossisen til polarplatået i Antarktis. Kaptein Roald Amundsen og laget hans som reiste til Sørpolen gjekk opp Axel Heiberg-breen nær midten av denne fjellgruppa i november 1911. Dei kalla desse fjella opp etter dronning Maud av Noreg.[1]
Høgdene kring Beardmorebreen heilt vest i desse fjella vart observert av dei britiske ekspedisjonane leia av Ernest Shackleton (1907-09) og Robert Falcon Scott (1910-13), men heile fjellkjeda vart kartlagd av fleire amerikanske ekspedisjonar leia av Richard Evelyn Byrd (1930- og 1940-åra) og United States Antarctic Program (USARP) og New Zealand Antarktis Research Program (NZARP) ekspedisjonar frå 1950-åra til 1970-åra.[1]
Dronning Maudfjella er delt inn i følgjande fjellgrupper:
- Bush Mountains
- Commonwealth Range
- Dominion Range
- Gothic Mountains
- Herbert Range
- Hughes Range
- Prins Olavfjella
- Supporters Range
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Queen Maud Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Dronning Maudfjella». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 19. oktober 2012.