Kronstad gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°22′37.258″N 5°20′46.882″E

Herskapshuset på Kronstad hovudgard.

Kronstad gard er ein herregard i soknet Årstad i Bergen. Garden er i dag 7,8 mål stor. Herskapshuset på Kronstadhøgda er eit kjent landemerke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1781 kjøpte kjøpmann Christian Gerhard Ameln Kronstad gard for 1 800 riksdalar. Han fekk bygd den stallen og det forpaktarhuset som står der i dag.

Christian Gerhard Ameln døydde i november 1806, og enkefrua Karen Ameln (f. Krüger) døydde i oktober 1818. Eigedomen vart då kjøpt av Henrik Helmer og sønene Henrik d.y. og Jacob, som eigde han fram til 1840. Då kjøpte konsul Joachim Friele heile Kronstad gard. Han lagde ein ny andreetasje på hovudhuset og pussa fasaden kraftig opp.

Vognmann Michael Iversen fekk kjøpt eigedomen i 1868, men selde han vidare i 1874 til Nils Johan Michelsen og hans søner. Familien Michelsen eigde Kronstad fram til rundt 1965. Då overtok Johan Vetlesen, som straks tok til å leige ut hovudgarden som selskapslokale.

I 1973 vart samskipnaden Aktive Krigsdeltakeres Forening ny eigar av garden og gav han ei sårt tiltrengd oppussing gjennom dugnad og pengeinnsamlingar. Aktive Krigsdeltakeres Forening blei formelt nedlagd i 2007. Sidan då er garden eigd av Stiftelsen Kronstad Hovedgård og blir leigd ut til private, sosiale arrangement året rundt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]