Ku Klux Klan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våpenet til Ku Klux Klan

Ku Klux Klan (KKK) var opphavleg ein amerikansk protestantisk «kvit makt»-organisasjon grunnlagd av sørstatsveteranar i 1865, men vart oppløyst i 1880. Det originale KKK motarbeidde reformer som vart påtvinga sørstatane når det gjeld behandlinga av tidlegare slavar.

Eit nytt Ku Klux Klan oppstod i Atlanta i 1915. Grunnleggjaren var William J. Simmons, og det er dette Ku Klux Klan som i åra etter dette vart ein populær rasistisk organisasjon med ca. fire millionar medlemmer på sitt høgste på 1920-talet. Sjølv om mange såg på klanen som ekstremistisk, hadde han likevel stor forståing blant mange. Formålet no var å hindre auken av katolikkar, jødar, mørkhuda og andre innvandrarar i USA. Klanen rekrutterte demokratiske og, om i mindre grad, republikanske medlemmer frå heile USA, og klanen stod sterkast i Midtvesten då han nådde toppen av popularitetsbylgja. Dette i motsetnad til den fyrste klanen, som var eit demokratisk sørstatsfenomen.

På denne tida hadde KKK stor innverknad på politikken, og då spesielt i demokratiske krinsar. Mange framståande politikarar var medlemmer. Den demokratiske Vest-Virginia-senatoren Robert C. Byrd er den einaste i det amerikanske senatet i dag som har vore medlem av KKK. Populariteten fall før og under depresjonen, og organisasjonen vart oppløyst under andre verdskrigen av James Colescott.

Namnet Ku Klux Klan vart etter dette eit namn teke i bruk av ulike uavhengige grupper som kjempa mot Civil Rights Act1960-talet. Hatet mot katolikkar har gradvis vorte mindre, og det finst i dag katolske klan-grupperingar. Katolikkar som går inn i Ku Klux Klan vert likevel automatisk ekskommunisert, fordi klanen er definert i katolsk kyrkjerett som ein organisasjon som motarbeider kyrkja. I dag er namnet Ku Klux Klan for dei aller fleste synonymt med hat og intoleranse, men enkelte små grupperingar tek det framleis i bruk.