Vest-Virginia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vest-Virginia
delstat
flagg
våpen
Land Flag of the United States.svg USA
Hovudstad Charleston
Areal 62 755 km²
 - land 62 361 km²
 - vatn 394 km²
Folketal 1 815 857 (2017)
Folketettleik 29 / km²
Guvernør Jim Justice (R)
Før innlemming Del av Virginia
Innlemma i USA 20. juni 1863
Statsnummer 35.
Forkorting WV
West Virginia in United States.svg
Wikimedia Commons: West Virginia
Nettstad: wv.gov

Vest-Virginia (engelsk West Virginia) er ein delstat i USA. Hovudstaden er Charleston.

Staten er den vestre delen av den opphavlege staten Virginia, men då Sørstatane reiv seg laus frå USA under den amerikanske borgarkrigen nekta fylka som no utgjer Vest-Virginia å gjera dette. Dei blei godkjende som eigen stat den 20. juni 1863, og er den einaste delstaten som blei oppretta som eit direkte resultat av borgarkrigen.

Vest-Virginia grensar til Pennsylvania i nord, Ohio i nordvest, Kentucky i vest, Maryland i nordaust og Virginia i aust og sør. Elvane Ohio og Potomac dannar delar av grensene. Vest-Virginia er den einaste staten som ligg helt innanfor fjellkjeda Appalachane.

Mynt frå Vest-Virginia
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.