Kulturnasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kulturfolk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein kulturnasjon eller eit kulturfolk er definert som ein nasjon eller eit folk med gammal eller høg åndeleg eller teknologisk kultur.[1][2] Dersom ordet nasjon definerast vidt, vil omgrepa kulturnasjon og kulturfolk i praksis vere synonym, men som faguttrykk vert orda nytta i ulike samanhenger.

Mange reknar Kina som verdas eldste kulturnasjon.

Noreg som kulturnasjon[endre | endre wikiteksten]

I den tida Noreg var ein del av kongeriket Danmark-Noreg, var Noreg ikkje ein sjølvstendig kulturnasjon, sjølv om eit grunnlag til kulturelt sjølvstende vart lagt då Kristiania fekk sitt eige Universitet i 1811. Då Noreg i 1814 fekk si eiga grunnlov og gjekk i union med Sverige, var dei kulturelle banda til Danmark enno sterke: Landet hadde dansk språk, danske lover og forordningar gav ein stor del av lovgrunnlaget utanom grunnlova, heilagdagkalenderen var felles med Danmark, det vart nytta danske salmebøker i kyrkjene, og dei fleste embetsmennene hadde utdanninga si frå Danmark. Den kulturelle frigjeringa kom gradvis, til ulike tider på ulike samfunnsområde.

Trass i unionen med Sverige vart Noreg aldri kulturelt underlagt svenskane.

Norske styresmakter arbeider aktivt for å bevare og utvikle Noreg som kulturnasjon. Den norske regjeringa har som mål at «Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet».[3] Det medfører mellom anna satsing på kulturundervising i skulen, og arbeid for ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Regjeringa ser språket som det viktigaste kulturuttrykket, og meiner at ein kulturnasjon har ei plikt til å ta vare på sitt eige språk. I den norske kulturnasjonen inneber det både aktivt arbeid for å tryggje to norske skriftspråk, verne og styrkje samisk språk leggja til rette for å verne og fremjespråka til nasjonale minoritetar. [4]

Kulturfolk[endre | endre wikiteksten]

Synes De tyskerne er et kulturfolk?
Jeg svarte ikke.
Han gjentok spørsmålet.
Jeg så på ham og svarte ikke.

Knut Hamsun i På gjengrodde stier om møte i forhøyrsretten 23. juni 1945

Tidlegare vart omgrepet kulturfolk nytta i antropologien ved at ulike kulturformer vart klassifiserte ut i frå kor langt folka var komne i å fri seg frå direkte avhengigheit av naturen. Nedst på skalaen stod då naturfolk, som livnærer seg ved direkte hausting frå naturen, på eit høgre trinn stod folk som ved fedrift eller jordbruk vann eit avgrensa herredømme over naturen, øvst stod kulturfolka.

Omgrepet er gått ut av bruk innan antropologien, m.a. fordi ulike kulturformer ikkje kan gjerast til gjenstand for generelle kvalitetsvurderingar.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]