Hopp til innhald

Kumina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kumina er ein afro-jamaicansk religion. Kuminautøving inkluderer sekulære seremoniar, dans og musikk som utvikla seg frå trua og tradisjonane førte til Jamaica av slavar og kontraktsarbeidarar frå Kongoregionen i Vest-Sentral-Afrika.[1] Rørsla er særleg knytt til St. Thomas parish aust på øya. Ho har også spreidd seg til Portland, St. Mary og St. Catherine, og til hovudstaden Kingston.[2]

Kumina har også gjeve namn til ein trommestil som utvikla seg frå musikken knytt til dei åndelege seremoniane som utvikla seg i urbane Kingston. Kumina-trommestilen har hatt stor innverkna på rastafarimusikk, særleg nyabinghitromming, og jamaicansk populærmusikk. Count Ossie var ein pioner innan trommestilen i høve til populærmusikk, og stilen har fortsett å ha betydeleg innverknad på moderne sjangre som reggae og dancehall.[3]

Kumina riddim er ein dancehall-riddim produsert av Sly & Robbie i 2002. Han har vore brukt i innspellingar av over 20 artistar, som Chaka Demus & Pliers og Tanya Stephens.[4]

Kumina utvikla seg gjennom trusutøvinga til kontraktsarbeidarar som blei henta til Jamaica frå Kongo-regionen i Sentral-Afrika etter at slaveriet blei avskaffa.[5] På andre halvdelen av 1800-talet blei ho synkretisert med myalisme.[5] Kumina skilte seg frå Zion Revivalism ved at ein avviste trua på at Bibelen skulle vera den sentrale autoriteten bak religiøs praksis.[5]

Tru og trusutøving

[endre | endre wikiteksten]

Kumina-utøving er særleg knytt til læking.[6] Lækingsseremoniar bruker song, dans, tromming, dyreofring og påkalling av ånder som kan lækja det sjuke individet.[6] Desse elementa finn ein også i myalisme og Zion Revivalism.[6]

Organisering

[endre | endre wikiteksten]

Organisering av kuminasamfunn følger den generelle lokale karakteren til afrikanske religionar på Jamaica. Kuminasamfunn er små, familiebaserte samfunn eller «nasjonar». Nokre nasjonar er Mondongo, Moyenge, Machunde, Kongo, Igbo og Yoruba. Folk frå Kumina-familiar får tittelen Bongo. Å gifta seg med inn i ein Bongo-familie er ein måte å bli del av ein Kumina-nasjon; ein annan måte er ei spesiell initiering. Kumina-nasjonar blir leia av ein «konge» og ei «dronning». Imogene «Queenie» Kennedy eller Queenie III (ca. 1920-1998) var ei kjend kuminadronning på 1900-talet. Ho var fødd i St Thomas på slutten av 1920-talet, flytta seinare til Kingston og så til Waterloo i St Catherine.[7]

Påverknad på rastafari

[endre | endre wikiteksten]

Bruken av cannabis eller ganja i kumina kan ha vore ein påverknad på rastafari som gjorde at ein tok i bruk denne planten som eit sakrament.[8]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Stewart, Dianne M. (7. juli 2005). Three Eyes for the Journey: African Dimensions of the Jamaican Religious Experience (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780198039082. 
  2. Murrell, Nathaniel Samuel (25. januar 2010). Afro-Caribbean Religions: An Introduction to Their Historical, Cultural, and Sacred Traditions (på engelsk). Temple University Press. ISBN 9781439901755. 
  3. Ryman, Cheryl (2014). «Kumina». I Horn, David; Shepherd, John. Bloomsbury Encyclopedia of Popular Music of the World, Volume 9: Genres: Caribbean and Latin America (på engelsk). Bloomsbury Publishing. ISBN 9781441132253. 
  4. Ryman, Cheryl (2014). «Kumina». I Horn, David; Shepherd, John. Bloomsbury Encyclopedia of Popular Music of the World, Volume 9: Genres: Caribbean and Latin America (på engelsk). Bloomsbury Publishing. ISBN 9781441132253. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Fernández Olmos & Paravisini-Gebert 2011.
  6. 6,0 6,1 6,2 Fernández Olmos & Paravisini-Gebert 2011, s. 178.
  7. «Kumina Queen's Drum Repatriated To Jamaica». Jamaican Gleaner. 3 August 2014. Henta 5 December 2016. 
  8. Edmonds 2012, s. 55.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Edmonds, Ennis B. (2012). Rastafari: A Very Short Introduction. Oxford: Oxford University Press. ISBN 978-0199584529. 
  • Fernández Olmos, Margarite; Paravisini-Gebert, Lizabeth (2011). Creole Religions of the Caribbean: An Introduction from Vodou and Santería to Obeah and Espiritismo (second utg.). New York and London: New York University Press. ISBN 978-0-8147-6228-8. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]