I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)
Singel av Hank Williams and His Drifting Cowboys
A-side

Howlin' at the Moon

Språk engelsk
Utgjeve 1951
Innspelt 16. mars 1951
Studio Castle, Nashville, Tennessee
Sjanger Country
Lengd 2:26
Selskap MGM
Komponist Hank Williams
Tekstforfattar Hank Williams
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Fred Rose
Hank Williams and His Drifting Cowboys-kronologi 
«Ramblin' Man»
(1951)
I Can't Help It (If I'm Still in Love with You) «Hey Good Lookin'»
(1951)


«I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» er ein song skriven og først spelt inn av Hank Williams for MGM Records.[1] Han nådde andreplassen på Billboard countrysingellista i 1951. I sjølvbiografien sin skreiv George Jones dei første seks linjene av songen og sa: «Teksten kunne ikkje ha vore enklare - eller djupare.»

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I følgje Colin Escott-boka Hank Williams: The Biography frå 2004, hevda alltid felespelaren Jerry Rivers at Williams skreiv songen i turnébussen deira, og då han kom opp med opningslinja «Today I passed you on the street» og spurte om forslag til den neste linja, svarte steelgitaristen Don Helms «And I smelled your rotten feet.»[2] Songen vart spelt inn i Castle Studio i Nashville den 16. mars 1951 og gjeven ut som MGM nr. 10961.[3] Williams vart akkompagnert av medlemmer av bandet sitt, Drifting Cowboys, inkludert Rivers, Helms, Sammy Pruett (elektrisk gitar), Jack Shook (rytmegitar), Ernie Newton eller «Cedric Rainwater», òg kjend som Howard Watts (bass), og anten Owen Bradley eller produsenten Fred Rose på piano.[4] Han vart gjeven ut som B-sida til «Howlin' at the Moon», men på grunn av den sterke og enkle teksten og den lidenskaplege synginga, nådde han likevel andreplassen på Billboard country-lista.

Williams song songen i lag med Anita CarterKate Smith Evening Hour den 23. april 1952. Den sjeldne fjernsynsframføringa er ein av få filmklipp der Williams framfører songane sine.

Kjende versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt inn songen. Blant dei mest suksessrike er :

  • Guy Mitchell som nådde 28. plassen på Billboard-lista med songen i 1951.[5]
  • Johnny Tillotson i 1962 som nådde 24. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og åttandeplassen på Adult Contemporary-lista.[6]
  • Linda Ronstadt spelte inn songen i 1974 på albumet hennar Heart Like a Wheel og nådde andreplassen på den amerikanske countrylista..[7] Ho vart òg nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege countrysong.
  • Cat Power spelte inn songen i 1996 på albumet deira Myra Lee som «Still in Love».

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Ein norsk versjon vart skriven av Lars Børke og kalla «Kun en gylden ring med 3 små ømme ord». Denne vart spelt inn som ein duett av Lillian Askeland og «Ottar «Big Hand» Johansen» i 1976 på albumet Countryfest.

Svensk versjon[endre | endre wikiteksten]

Ein svensk versjon vart skriven av Bengt Sundström med tittelen «Kan jag hjälpa att jag älskar dig ännu» og spelt inn av Thorleifs i 1982.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1951) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «45cat.com». 45cat.com. Henta 30. november 2020. 
  2. Escott, Colin (2004). Hank Williams: The Biography. New York: Back Bay Books. s. 163. ISBN 0316734977. 
  3. «The Online Discographical Project». 78discography.com. Henta 30. november 2020. 
  4. Escott, Colin (2004). Hank Williams: The Biography. New York: Back Bay Books. s. 244. ISBN 0316734977. 
  5. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 317. ISBN 0-89820-083-0. 
  6. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 241. 
  7. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 300.