Heart Like a Wheel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heart Like a Wheel
Studioalbum av Linda Ronstadt
Utgjeve November 1974
Innspelt Juni og september 1974
Studio The Sound Factory og Clover Recorders i Los Angeles, Track Recorders i Maryland, Record Plant og The Hit Factory i New York City, Trident Studios og AIR Studios i London[1]
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 31:40
Selskap Capitol
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
Don't Cry Now
(1973)
Heart Like a Wheel Prisoner in Disguise
(1975)


Singlar frå Heart Like a Wheel
  1. «You're No Good»
    Utgjeve: 25. november 1974
  2. «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)»
    Utgjeve: 25. november 1974
  3. «When Will I Be Loved»
    Utgjeve: 31. mars 1975
  4. «It Doesn't Matter Anymore»
    Utgjeve: 31. mars 1975

Heart Like a Wheel er det femte studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut i november 1974. Det var det første albumet hennar som gjekk til topps på Billboard 200 og vann ho ein Grammypris, og det vert rekna som gjennombrotet hennar.

Det var det siste albumet Ronstadt gav ut på Capitol Records. Då albumet vart spelt inn hadde Ronstadt alt signert for Asylum Records og gav ut det førre albumet sitt der, men på grunn av kontraktsvilkåra med Capitol, måtte Heart Like a Wheel gjevast ut der.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Christgau's Record GuideA–[4]
Pitchfork8.5/10[5]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[6]
Tom HullB[7]

Heart Like a Wheel vart det første albumet til Ronstadt som gjekk til topps på Billboard Top 200-lista og låg fire veker på toppen av Billboard Countryalbum-lista tidleg i 1975. «You're No Good», den første singelen frå albumet, gjekk til topps på Billboard Hot 100. Ein coverversjon av The Everly Brothers-songen «When Will I Be Loved», låg to veker på andreplassen på Hot 100 i juni 1976 og nådde toppen av Cash Box-lista og Hot Country Songs-lista. Buddy Holly & the Crickets-songen «It Doesn't Matter Anymore», gjekk òg inn Pop-, Adult Contemporary- og Country-listene.[8]

Stephen Holden si melding frå Rolling Stone i 1976 skildra tittelsporet «eit meisterverk innan låtskriving og arrangement» og hylla produksjonen og songutvalet på albumet.[9] Coverversjonen av Hank Williams-songen «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)», og nådde andreplassen på Billboard Hot Country Songs-lista.[10]

Heart Like a Wheel låg 51 veker inne på albumlista.[11]

Nyare meldingar av Heart Like a Wheel reknar i stor grad albumet som høgdepunktet i karrieren til Ronstadt. I meldinga si for AllMusic skildra Stephen Thomas Erlewine det som «eit landemerke i 70-tals poprock.»[3] John Lingan skreiv i meldinga si for Pitchfork at «[Ronstadt] hadde ei kraft, men det var ei superkraft. Sett frå ei side var karrieren til Linda Ronstadt ei soge om ei kvine som gradvis oppdaga krafta i si eiga røyst. Ho hadde tidleg tonen, men du kan høyre at kontrollen hennar aukar på kvart album. Pustinga er meir naturleg, vibratoen vert meir markant. Innan Heart Like a Wheel hadde ho meistra det.»[5]

I 1976 gav album Ronstadt fire Grammypris-nominasjonar. Ho vann prisen for beste kvinnelege countrysong for songen «I Can't Help It If I'm Still In Love with You». Ho vart òg nominert til prisane årets album og beste kvinnelege popsong, medan produsenten Peter Asher vart nominert til årets produsent.[12]

I 2006 rangerte CMT Heart Like a Wheel på 34. plassen på lista si over dei 40 beste countryalbuma i historia.[13] Albumet vart rangert på 490. plassen på lista til Rolling Stone frå 2020 over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[14]

Heart Like a Wheel vart utvald for bevaring i National Recording Registry i 2013 fordi det var «kulturelt, historisk eller estetisk viktig» i amerikansk kulturhistorie.[15]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You're No Good»Clint Ballard jr.3:44
2.«It Doesn't Matter Anymore»Paul Anka3:26
3.«Faithless Love»J.D. Souther3:15
4.«The Dark End of the Street»Chips Moman, Dan Penn3:55
5.«Heart Like a Wheel»Anna McGarrigle3:10
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«When Will I Be Loved»Phil Everly2:04
2.«Willin'»Lowell George3:02
3.«I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)»Hank Williams2:45
4.«Keep Me from Blowing Away»Paul Craft3:10
5.«You Can Close Your Eyes»James Taylor3:09
Total lengd:31:40

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974/75) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 35
USA (Billboard 200) 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå plateomslaget.[17]

  • Linda Ronstadt – solovokal, korvokal (2, 4, 6, 9)
  • Andrew Gold – elektrisk piano (1, 3), elektrisk gitar solo (1), trommer (1, 2, 3, 7), perkusjon (1, 2, 3), akustisk piano (3, 4, 5, 8, 10), elektrisk rytmegitar (4), tamburin (4, 6), gitar (6), korvokal (6, 7), akustisk gitar (7, 8), ukulele (8).
  • Eddie Black – elektrisk gitar (1)
  • Bob Warford – akustisk gitar (2, 4, 8), elektrisk gitar solo (4), elektrisk gitar (7)
  • Sneaky Pete Kleinowpedalsteelgitar (2, 7, 8)
  • J.D. Souther – akustisk gitar (3), harmonivokal (3)
  • Herb Pedersen – banjo (3), korvokal (7)
  • Paul Craft – akustisk gitar (9)
  • John Starling – akustisk gitar (9)
  • Danny Pendleton – pedalsteelgitar (9)
  • John Boylan – akustisk gitar (10)
  • Glenn Frey – akustisk gitar (10)
  • Kenny Edwards – bassgitar (1, 2, 6-8), korvokal (6, 7)
  • Chris Ethridge – bassgitar (3)
  • Emory Gordy jr. – bassgitar (4)
  • Tom Guidera – bassgitar (9)
  • Timothy B. Schmit – bassgitar (10)
  • Dennis St. John – trommer (4)
  • Russ Kunkel – trommer (6)
  • Lloyd Myers – trommer (8)
  • Don Henley – trommer (10)
  • Peter Asher – perkusjon (2), kubjølle (6), korvokal (10)
  • Jimmie Fadden – munnspel (2, 7)
  • David Lindley – fele (5, 8)
  • Gregory Rose – strykearrangement og dirigent (1, 2, 10)
  • David Campbell – strykearrangement (5), bratsj (5)
  • Dennis Karmazyn – cello (5)
  • Richard Feves – kontrabass (5)
  • Clydie King – korvokal (1)
  • Sherlie Matthews – korvokal (1)
  • Wendy Waldman – korvokal (2)
  • Cissy Houston – korvokal (4)
  • Joyce Nesbitt – korvokal (4)
  • Maria Muldaur – korvokal (5)
  • Emmylou Harris – harmonivokal (8)

Teknisk

  • Peter Asher – produsent
  • Val Garay – lydteknikar, miksing
  • David Hassinger – lydteknikar, miksing
  • Dennis Ferrante – assisterande lydteknikar
  • John Haeny – assisterande lydteknikar
  • Peter Kelsey – assisterande lydteknikar
  • George Massenburg – assisterande lydteknikar
  • Peter Swettenham – assisterande lydteknikar
  • Bernie Grundman – mastering i A&M Mastering Studios (Hollywood, California).
  • Rod Dyer – design
  • Leandro Correa – fotografi
  • Eve Babitz – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1975 Billboard 200 1[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Linda Ronstadt - Heart Like A Wheel (Vinyl, LP, Album)». Discogs.com. 13. november 1976. Henta 29. november 2020. 
  2. Moore, Mary Ellen (1978). The Linda Ronstadt Scrapbook: An Illustrated Biography. New York: Grosset & Dunlap. s. 61. ISBN 0-441-48411-5. 
  3. 3,0 3,1 Erlewine, Stephen Thomas. Heart Like a WheelAllmusic. Henta 29. november 2020.
  4. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 29. november 2020 – via robertchristgau.com. 
  5. 5,0 5,1 John, Lingan. «Linda Ronstadt: Heart Like a Wheel Review». Henta 29. november 2020. 
  6. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). «Linda Ronstadt». The Rolling Stone Album Guide. London: Fireside. s. 701–702. ISBN 0-7432-0169-8. Henta 24. september 2011. 
  7. Hull, Tom (April 1975). «The Rekord Report: Third Card». Overdose. Henta 29. november 2020 – via tomhull.com. 
  8. {{Allmusic |class=artist |tab=charts-awards/billboard-singles |id=p5302 |selskap=Linda Ronstadt > Charts & Awards > Billboard Singles |accessdate=29. november 2020
  9. Holden, Stephen (16. januar 1975). «Linda Ronstadt Heart Like a Wheel > Album Review». Rolling Stone (178). Arkivert frå originalen 2. desember 2008. Henta 29. november 2020. 
  10. «Country Charts». Billboard. Henta 29. november 2020. 
  11. Whitburn, Joel (1. april 2007). Joel Whitburn presents The Billboard Albums (6th utg.). ISBN 978-0-89820-166-6.  Cited in {{cite web |website=Ronstadt-linda.com |title=Linda Ronstadt Top Pop Albums |url=http://www.ronstadt-linda.com/toppopa.htm |accessdate=29. november 2020
  12. «Grammyprisen Nominees 1976 - Grammyprisen Winners 1976». Awards & Shows. Henta 29. november 2020. 
  13. https://rateyourmusic.com/list/CurtisLoew/cmt_40_greatest_albums/
  14. Stone, Rolling; Stone, Rolling (22. september 2020). «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone (på engelsk). Henta 29. november 2020. 
  15. «2013|View Registry by Induction Years | Recording Registry | National Recording Preservation Board | Programs at the Library of Congress». Library of Congress. Henta 29. november 2020. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 258. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. Heart Like a Wheel (booklet). Capitol. 1974. 
  18. Heart Like a WheelAllmusic. Henta 26. mars 2008.