Hey Good Lookin'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hey, Good Lookin'
Singel av Hank Williams
frå albumet Memorial Album
Utgjeve Juni 1951
Sjanger Country, rockabilly
Lengd 2:35
Selskap MGM
Låtskrivar(ar) Cole Porter; adaptation by Hank Williams
Produsent Jim Vienneau
Hank Williams-kronologi
«I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)»
(1951)
Hey, Good Lookin' «Crazy Heart»
(1951)


«Hey, Good Lookin'» er ein song av Hank Williams, skriven som ein variant av ein song med same namn, liknande tekst og liknande melodi av Cole Porter frå 1942. Williams-versjonen vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2001.[1] Sidan den første innspelinga i 1951 er songen blitt spelt av mange andre artistar.

Låtskriving[endre | endre wikiteksten]

Hank Williams var ven med musikaren Jimmy Dickens. Han sa til Dickens at Dickens måtte ha ei hitplate om han ønskte å bli ei stjerne, og Williams sa han skulle skrive denne songen for han. Han skreiv songen på 20 minuttar på eit fly i lag med Dickens, Minnie Pearl, og ektemannen til Pearl, Henry Cannon.[2] Ei veke seinare spelte Williams inn songen sjølv og sa på spøk til Dickens, «Den songen er for bra for deg!»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Teksten i songen byrjar som ein flørt med doble tydingar knytt til matlaging («How's about cooking somethin' up with me?»). I tredje og fjerde verset lover songaren jenta at han berre skal halde seg til ho, om dei vert saman («How's about keepin' steady company?» og «I'm gonna throw my date book over the fence.»).[4]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1951) Plassering
U.S. Billboard Hot Country Singles 1

I andre media[endre | endre wikiteksten]

Songen er med i videospelet Grand Theft Auto: San Andreas, på countrystasjonen K-Rose.

Andre hitversjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1951 spelte Jo Stafford og Frankie Laine inn ein versjon av songen som ein duett. Denne nådde 21. plassen på Billboard Hot 100-lista.[5]

Ray Charles spelte inn songen i 1962 på albumet Modern Sounds in Country and Western Music.

The Mavericks-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hey Good Lookin'
av The Mavericks
frå albumet From Hell to Paradise
Utgjeve 1992
Sjanger Country
Lengd 2:37
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Steve Fishell
Raul Malo
The Mavericks-kronologi
«This Broken Heart»
(1992)
Hey Good Lookin' «I Got You»
(1992)


Countrybandet The Mavericks gav ut ein versjon av songen i 1992 på albumet From Hell to Paradise. Denne utgåva nådde 74. plassen på country-lista.[6]

Liste (1992) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[7] 73
US Country Songs (Billboard)[8] 74

Jimmy Buffett-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hey Good Lookin'
Singel av Jimmy Buffett med Clint Black, Kenny Chesney, Alan Jackson, Toby Keith og George Strait
frå albumet License to Chill
Utgjeve 17. mai 2004
Innspelt 2004
Sjanger Country
Lengd 3:03
Selskap Mailboat/RCA Nashville
Låtskrivar(ar) Hank Williams
Produsent Mac McAnally, Michael Utley
Jimmy Buffett-kronologi
«It's Five O'Clock Somewhere»
(2003)
Hey Good Lookin' «Trip Around the Sun»
(2004)


I 2004 spelte Jimmy Buffett inn ein versjon av songen for hans License to Chill. Clint Black, Kenny Chesney, Alan Jackson, Toby Keith og George Strait var alle med på utgåva, som nådde åttandeplassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks (i dag Hot Country Songs) i 2004. Det vart laga ein musikkvideo av songen, regissert av Trey Fanjoy og Stan Kellam.

Liste (2004) Plassering
US Country Songs (Billboard)[9] 8
US Billboard Hot 100[10] 63

Årsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
US Country Songs (Billboard)[11] 53

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Roy Orbison, Waylon Jennings, Johnny Cash, Kenny Loggins og Jim Messina, George Jones, Conway Twitty og Loretta Lynn, Buck Owens, Charlie Rich, Freddie Fender, Nitty Gritty Dirt Band, Carl Perkins, Roy Acuff, Gene Vincent, Pat Boone, Tennessee Ernie Ford, Willie Nelson, Mose Allison, Faron Young, Jerry Lee Lewis, Tammy Wynette, Hank Williams jr., Del Shannon, Roger Miller, Eddy Arnold, Dinah Washington, Ray Price og Percy Sledge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grammy Hall of Fame
  2. Masino, Susan (2011). Family Tradition – Three Generations of Hank Williams. Montclair, NJ: Backbeat Books. s. 67. ISBN 978-1-61713-006-9. 
  3. Lavallee, Michelle. «Little Jimmy Dickens: Country songar to Opry Legend». AXS. http://www.axs.com/little-jimmy-dickens-country-songar-to-opry-legend-31404. Henta 3. januar 2015. 
  4. Randall, Alice; et al. (2006). My Country Roots: The Ultimate MP3 Guide to America's Original Outsider Music. Thomas Nelson Inc. s. 80. ISBN 1-59555-860-8. 
  5. Dean, Maury (2003-01-01). Rock N Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia. Algora Publishing. s. 495. ISBN 0-87586-207-1. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «The Mavericks biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p1716/biography. Henta 1. mars 2015. 
  7. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. August 8, 1992. Retrieved 15. august 2013.
  8. "Mavericks?f=357&g=Singles The Mavericks Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for The Mavericks. Prometheus Global Media.
  9. "Buffett?f=357&g=Singles Jimmy Buffett Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Jimmy Buffett. Prometheus Global Media.
  10. "Buffett?f=379&g=Singles Jimmy Buffett Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Jimmy Buffett. Prometheus Global Media.
  11. «Best of 2004: Country Songs». Billboard. Prometheus Global Media. 2004. http://www.billboard.com/charts/year-end/2004/hot-country-songs. Henta 119. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]