Kunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fiskehandlar og kunde måla av Jacob Toorenvliet i 1670-åra

Kunde er eit individ eller ein institusjon som kjøper varer og tenester[1] tilverka gjennom økonomien. I vidare samanheng er alle som kjøper varer eller tenester kundar, inkludert personar, husstandar, forvaltning og føretak.

Kundebehov kan definerast som varene eller tenestene ein kunde krev for å oppnå spesifikke mål. Somme behov er viktigare for kunden enn andre. Kundeforventingar er påverka av kulturelle verdiar, reklame, marknadsføring og annan kommunikasjon, både med leverandøren og med andre kjelder.

Både kundebehov og -forventingar kan definerast gjennom intervju, undersøkingar, samtalar, databasesøking eller andre metodar for å samla informasjon. Kundar har til tider inga klår overtyding om kva behova deira er. Assistanse til å avgjera behova kan vera ei verdifull teneste for kunden. I denne prosessen kan forventingar justerast for å svara til kva mogelegheiter som ligg i enkelte produkt, eller kva tenester dei kan yte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kunde» i Nynorskordboka.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.