Kunst rett vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kunst rett vest er eit årleg kunstarrangement i regi av det interkommunale samarbeidsorganet Vestregionen for å presentere den produksjonen av biletkunst, skulptur og kunsthandverk som går føre seg i dei kommunane som tek del i Vestregionsamarbeidet. Det vert halde ein felles salsutstilling om hausten av verk som på førehand er godteke av ein jury av tre fagfolk, for slik å trygge at arbeida held god kvalitet, og dei kunstnarane og kunsthandverkarane som er representert på utstillinga, inviterar samstundes publikum til å vitje verkstadane sine og kjøpe andre verk der.

Staden for fellesutstillinga vekslar frå år til år, men ofte har utstillinga vore halde på Galleri TrafoAsker, kombinert med andre arrangement på Asker. Kart som syner for publikum kvar dei einskilde kunstnarane og kunsthandverkarane har verkstadene sine, og anna opplysningsmateriell som har med arrangementet å gjere, syter Vestregionen for å få utarbeidd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene for Kunst rett vest.