Yara International

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Yara International
Yara House in Oslo.jpg
Org.nr.986228608
Skipa1905/2004
EigarNærings- og fiskeridepartementet, Folketrygdfondet Edit this on Wikidata
Bransjekjemisk
Produktkunstgjødsel
nitratar
LandNoreg Edit this on Wikidata
HovudkontorOslo i Noreg
NykjelpersonarSvein Tore Holsether, CEO
Tilsette12 883 (2015)
OmsetnadGreen up.png 108 milliardar NOK (2015)
Nettstadwww.yara.com

Yara International ASA (OSE: YAR) (Yara) er eit norsk gjødsel- og kjemikalieselskap med ca 13 000 tilsette (2015). Selskapet består av tre segment: Sal og marknadsføring av gjødselprodukt og -løysningar, industri- og miljøløysningar og produksjon. Selskapet var tidlegare del av Norsk Hydro og vart og børsnotert som eige selskap den 25. mars 2004.

Den norske staten er største eigaren med 36,2 % av aksjane. Thorleif Enger var konsernsjef fram til september 2008, då Jørgen Ol Haslestad tok over etter at Enger gjekk av med pensjon. I 2004 hadde selskapet driftsinntekter på 43 252 millionar kroner. Yara er den leiande leverandøren i verda av mineralgjødsel med sal i over 150 land og sals- og markedsorganisasjonar i omkring 50 land. Svein Tore Holsether vart ny konsernsjef i september 2015.

Namnet Yara er av runeteikna jera/jart som tyder «godt år». Det norske miljøføretaket Yera AS varemerkeregistrerte og tok i bruk runeteiknet jera og namnet Yera som forretningskjenneteikn alt i år 2000.

Yara er notert på Oslo Børs og marknadsverdien til selskapet var per 12. desember 2016 kroner 89 300 000 000 (89,3 milliardar kroner).

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Det første nitrogengjødselet i verda, Norgessalpeter (kalsiumnitrat) vart produsert på eit testanlegg på Notodden. Produksjonen var basert på Birkeland-Eydes metode. Dette danna grunnlaget for å etablere Norsk Hydro.

Frå 2006 til 2010 har Yara kjøpt selskapa Rossosh, Burrup, Fertibras, Kemira GrowHow, Qafco 5&6, Belle Plaine og Lifeco.

Kunstgjødsel-fabrikken på Herøya[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg: Fullgjødselproduksjon på Herøya

Amoniakk er viktig for produksjon av kunstgjødsel. Norsk Hydro (no Yara) har i ei årrekkje vore blant dei største produsentane i verda med fabrikk på Herøya. Metan eller nafta gjennomgår ein prosess med svovelfjerning, primæromforming og sekundæromforming for å skaffe fram reint nitrogen og hydrogen i tilhøvet ein til tre.

Frå nitrogen og hydrogen vert det produsert ammoniakk ved Haber-Bosch-prosessen

N2 (g) + 3 H2 (g) ⇌ 2 NH3 (g)

Den typiske moderne ammoniakksyntesen føregår ved omkring 300 atm trykk og temperatur ved ca 450 °C.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]