Kurdistan i Irak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°11′N 44°00′E
Irakisk Kurdistan
Herêma Kurdistanê (kurdisk)
هه‌رێمی کوردستان (kurdisk)
إقليم كردستان (arabisk)
autonom region
none
flagg
Våpen
Land Flag of Iraq.svg Irak
Koordinatar 36°11′N 44°00′E
Hovudstad Erbil (Hewlêr)
Areal 78 736 km²
Folketal 5 300 000 (2017)
Avtale signert 11. mars 1970
 - De facto sjølvstyre Oktober 1991
 - Regionalt styre oppretta 4. juli 1992
 - Overgangsgrunnlov 30. januar 2005
Språk kurdisk (Sorani)

arabisk[1]

President Masoud Barzani
 - Statsminister Nechirvan Barzani
 ██ Offisielt territorium i Irakisk Kurdistan ██ Territorium kontrollert av Irakisk Kurdistan ██ Territorium gjort krav på av Irakisk Kurdistan ██ Resten av Irak

██ Offisielt territorium i Irakisk Kurdistan ██ Territorium kontrollert av Irakisk Kurdistan ██ Territorium gjort krav på av Irakisk Kurdistan

██ Resten av Irak
Iraqi Kurdistan on world map.png
Wikimedia Commons: Iraqi Kurdistan

Irakisk Kurdistan, offisielt kalla Regionen Kurdistan (sorani هه‌رێمی کوردستان, arabisk إقليم كردستان|) i den irakiske grunnlova,[2][3] er ein protostat[4] nord i Irak og den einaste autonome regionen i landet.[5] Regionen vert ofte kalla Sør-Kurdistan (sorani باشووری کوردستان; nordkurdisk Başûrê Kurdistanê) som kurdarar generelt rekna som ein av fire delar av Stor-Kurdistan, som òg omfattar område søraust i Tyrkia (Nord-Kurdistan), nordlege Syria (Rojava eller Vest-Kurdistan) og nordvestlege Iran (Aust-Kurdistan).[6]

Regionen vert styrt av Kurdistan regionale styresmakt (KRG) med hovudstad i Erbil. Kurdistan er eit parlamentarisk demokrati med sitt eige parlament som består av 111 sete.[7] Masoud Barzani, som først vart valt til president i 2005, vart valt på ny i 2009. I august 2013 forlenga parlamentet presidentperioden hans med to nye år. Han gjekk av som president 19. august 2015, då dei politiske partia ikkje vart samde om å forlenge perioden ytterlegare.

Den nye irakiske grunnlova definerer Regionen Kurdistan som ei føderal eining i Irak og definerer kurdisk og arabisk som offisielle språk i Irak. Dei fire guvernementa Duhok, Hawler, Silemani og Halabja dannar eit areal på kring 41 710 km² og har eit folketal på kring tre millionar (estimat frå 2016).[8] Under Irak-krisa i 2014, tok Irakisk Kurdistan òg over mykje av omstridde område i Nord-Irak.

Skipinga av Regionen Kurdistan går attende til ein avtale om sjølvstyre mellom kurdarar og den irakiske regjeringa i mars 1970 etter mange år harde kampar. Men ein klarte ikkje å setje avtalen i verk og i 1974 hamna Nord-Irak ut i den andre irakisk-kurdiske krigen, ein annan del av den irakisk-kurdiske konflikten mellom kurdarar og den arabisk-dominerte regjeringa i Irak. Vidare under den iransk-irakiske krigen frå 1980 til 1988, herja den irakiske hæren med innbyggjarane og naturen i Irakisk Kurdistan under Anfal-felttoget. Etter opprøra i 1991 til kurdarar i nord og sjiaer i sør mot Saddam Hussein, klarte den militære styrken til Irakisk Kurdistan, Peshmerga, å presse ut den største irakiske styrken frå nord.

Trass i store tap og krisar for kurdiske flyktningar i grenseområda til Iran og Tyrkia, har suksessen til Peshmerga og flyforbodssonen som Vesten oppretta over Nord-Irak etter Golfkrigen i 1991 skapt eit grunnlag for kurdisk sjølvstyre og flyktningar har kunne vende heim att. Då kurdarane heldt fram å sloss mot statlege troppar, forlet dei irakiske styrkane til slutt Kurdistan i oktober 1991 og regionen vart i røynda sjølvstyrt. I 1992 grunnla dei store politiske partia i regionen, Kurdistan demokratiske parti og Patriotunionen i Kurdistan den delvis sjølvstyre Kurdistan regionale styresmakt. invasjonen av Irak i 2003 og dei påfølgjande politiske endingane førte til ratifiseringa av den nye irakiske grunnlova i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kurdistan regionale styresmakt: The Kurdish language, 27 June 2010, Henta 21 July 2017
  2. http://www.iraqinationality.gov.iq/attach/iraqi_constitution.pdf
  3. «Kurdistan Regional Government». Kurdistan Regional Government. http://www.gov.krd/. Henta 14 June 2016. 
  4. Dyer, Gwynne (2015). Don't Panic: ISIS, Terror and Today's Middle East. Toronto: Random House Canada. s. 105–107. ISBN 978-0345815866. 
  5. Viviano, Frank (January 2006). «The Kurds in Control». National Geographic Magazine (Washington, D.C.). Henta 10. september 2017. Since the aftermath of the 1991 Gulf War, nearly eight million kurdarar have enjoyed complete autonomy in the region of Iraqi Kurdistan... 
  6. Kurdish Awakening: Nation Building in a Fragmented Homeland, (2014), av Ofra Bengio, University of Texas Press
  7. «The Kurdistan Parliament». Kurdistan regionale styresmakt. 30 November 2006. http://cabinet.gov.krd/a/d.aspx?r=160&l=12&s=04070000&a=15057. Henta 10. september 2017. 
  8. «İşte Kürdistan Bölgesi’nin nüfusu…». http://rudaw.net/turkish/kurdistan/0409201511. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Iraqi Kurdistan frå Wikivoyage