Kurfyrstedømet Bayern
| Kurfürstentum Bayern Kurfyrstedømet Bayern | |||||
| Statar i Det tysk-romerske riket | |||||
| |||||
|---|---|---|---|---|---|
| |||||
| Hovudstad | München | ||||
| Styreform | Monarki | ||||
| Kurfyrste | |||||
| - 1623-1651 | Maximilian I | ||||
| - 1679-1726 | Maximilian II Emanuel | ||||
| - 1726-1745 | Karl Albert | ||||
| - 1745-1777 | Maximilian III Josef | ||||
| - 1777-1799 | Karl Teodor | ||||
| - 1799-1805 | Maximilian IV Josef | ||||
| Historisk periode | Tidleg moderne Europa | ||||
| - Opphøgd til kurfyrstedøme | 1623 | ||||
| - Freden i Westfalen | 1648 | ||||
| - Sett under keisarleg bannlysing | 1706 | ||||
| - Bannlysinga opphevd | 1714 | ||||
| - Personalunion med Pfalz |
1777 | ||||
| - Opphøgd til kongedøme | 1806 | ||||
Kurfyrstedømet Bayern (tysk Kurfürstentum Bayern) var eit sjølvstendig kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1623 til 1806, då det vart etterfølgd av kongedømet Bayern.
Wittelsbach-dynastiet som styrte Bayern var den yngre greina av familien som òg styrte Kurpfalz. Overhovudet i den eldre greina var ein av sju kurfyrstar i Det tysk-romerske riket i følgje den gylne bullen av 1356, men Bayern var ekskludert frå kurfyrste-verdet. I 1621 vart kurfyrsten Fredrik V sett under keisarleg bannlysing for rolla si i Det bøhmiske opprøret mot keisar Ferdinand II og kurfyrste-verdet og territoriet til Øvre Pfalz vart gjeven til det lojale syskenbarnet hans, hertug Maximilian I av Bayern. Sjølv om Freden i Westfalen ville skape ein ny kurfyrstetittel for sonen til Fredrik V var det etterkomarane etter Maximilian som hadde det originale kurfyrste-verdet, med unntak av ein kort periode under den spanske arvefølgjekrigen, fram til linja hans døydde ut i 1777. Dei to slektene vart då slått saman i ein personalunion fram til slutten av Det tysk-romerske riket. I 1805, etter freden i Pressburg, opphøgde den dåverande kurfyrsten Maximilian Josef, seg sjølv til konge av Bayern og Det tysk-romerske riket vart avskaffa året etter.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Electorate of Bavaria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2011.
