Freden i Westfalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ratifiseringa av Münstertraktaten - måla av Gerard Terborch i 1648

Freden i Westfalen refererer til to fredsavtalar proklamert 25. oktober 1648 frå rådhusa i dei to forhandlingsbyane Osnabrück og Münster i Westfalen i Tyskland, etter om lag åtte år med forhandlingar om avsluttinga av trettiårskrigen. Formelt bestod han av to hovudtraktatar, Osnabrückavtalen signert 15. mai 1648 og Münsteravtalen signert 25. oktober same år, og ei rekkje protokollar inngått mellom Det tysk-romerske riket på den eine sida og Frankrike og Sverige med sine allierte på den andre. Avtalen involverte keisar Ferdinand III av Habsburg, dei andre tyske fyrstane, Spania, Frankrike, Sverige og representantar frå Dei sameinte Nederlanda. Pyrenétraktaten signert i 1659, som enda krigen mellom Frankrike og Spania vert stundom òg rekna som ein del av overeinskomsten.

Freden i Westfalen sørgde òg for å gjere slutt på åttiårskrigen og respekterte Dei sameinte Nederlanda sitt sjølvstende frå Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]