Kurt Carlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kurt Carlsen
Fødd 20. februar 1914
Hillerød
Død

7. oktober 1989 (75 år)

Yrke sjøfolk
Det søkkande SS «Flying Enterprise» (øvst til venstre) fotografert frå USS «General A. W. Greely» (AP-141) 29. desember 1951.

Kura Carlsen (fødd 20. februar 1914 i Helsingør, død 7. oktober 1989 i New Jersey) var ein dansk-amerikansk sjøkaptein som vart verdskjent i desember 1951 då han i 13 døgn nekta å forlata det havarerte og søkkande skipet sitt, SS «Flying Enterprise».

Carlsen vart sjømann allereie som 14-åring og hadde kommando over eige skip 32 år gammal. Første skipet han var kaptein på var eit Isbrantsen-skip og han vart verande i same reiarlag yrkeslivet ut.

Etter forliset til SS «Flying Enterprise» vart han motteke som ein helt i USA med parade på Broadway. Han fekk òg kommandoen over eit nytt skip med namnet SS «Flying Enterprise 2».

Carlsen døydde 75 år gamal i 1989.[1] Han vart kremert og oska vart strødd over Atlanterhavet.

«Flying Entreprise»[endre | endre wikiteksten]

«Flying Entreprise» var eit libertyskip bygd i 1944 som tilhøyrde reiarlaget Amercan-Export Isbrantsen Line. Skipet var undervegs frå Hamburg til New York lasta med mellom anna rujern og bilar. Utanfor Land's End i Cornwall fekk båten rivner i skroget og byrja søkka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. NYTimes.com – Obituaries, Henrik K. Carlsen, 75, A Heroic Sea Captain (Av AP. Publisert 9. oktober 1989, besøkt 6. april 2015)