Hopp til innhald

Kuwait Oil Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kuwait Oil Company

BransjePetroleumsverksemd
Skipa1934
HovudkontorAl Ahmadi, Kuwan
LandKuwait
Produktpetroleum
TenesterVickers VC.1 Viking
Grunnleggjar(ar)Anglo-Persian Oil Company
Nettstadhttp://www.kockw.com

Kuwait Oil Company (KOC) er eit av dei største oljeselskapa i verda. Selskapet er eigd av styresmaktene i Kuwait. Heile nasjonaløkonomien til landet Kuwait er sterkt avhengig av dette eine selskapet. Selskapet har verksemd innan mange delar av aktivitet knytt til petroleumsindustrien. Selskapet driv med utvinning av råolje, raffinering i oljeraffineri og sal gjennom bensinstasjonar.

I 1934 vart Kuwait Oil Company Ltd skipa av Anglo-Persian Oil Company, som seinare utvikla seg til British Petroleum Company (BP) og Chevron Corporation.

I 1938 vart det gjort funn av olje i Burganfeltet, som synte seg å vera eit av dei største oljefelta i verda. I 1975 tok styresmaktene i Kuwait kontroll over heile selskapet med 100 prosent eigardel i the Kuwait Oil Company.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]