Burganfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burganfeltet
Kuwait city 1996.jpg
Informasjon
Operatør Kuwait Oil Company
Produksjon 1 200 000 fat olje per dag
Funnår 1938
Oppstart 1946
Geografi og geologi
Plassering Kuwait
Koordinatar 29°06′39″N 47°58′00″E



Rettshavarar
Røyrleidningar i Burgan-feltet

Det enorme Burgan-feltet er eit oljefelt i ørkenen søraust i Kuwait. Burgan-feltet kan òg syne til Stor-Burgan — ei gruppe på tre nærliggande felt, som omfattar sjølve Burgan-feltet, og dei mykje mindre felta Magwa og Ahmadi. Stor-Burgan er det største oljefeltet i sandstein i verda, og det nest største totalt, etter Ghawar.

Oppdaging og geologi[endre | endre wikiteksten]

Olje som naturleg har sive ut i overflata over Burgan-feltet, har vore kjend for menneske sidan steinalderen. Bituminøse stoff frå sivbåtar er funne i As-Sabiyah/Nord-Kuwait og er datert attende til 5000 fvt. Dette er spora attende til dette området.[1] Det underjordiske reservoaret vart oppdaga i februar 1938. Det amerikansk-britiske Kuwait Oil Company byra kommersiell oljeproduksjon i Burgan i 1946.[2]

Stor-Burgan, det større området kring Burgan, er det største sandsteinsoljefeltet i verda med eit totalt areal på kring 1000 km². Det omfattar tre mindre feltet: Sjølve Burgan (500 km²), Magwa (180 km²) og Ahmadi (140 km²).[2][3] Strukturen i Burgan-feltet er ein salforma dom med ellipse form og kryssa av fleire radielle forkastingar.[4] Både Magwa og Ahmadi ligg på mindre domar nord for Burgan [5]

Olja ligg i fire lag frå krit-tida.[4][2]

Oljereservar, produksjonskapasitet og estimert levetid[endre | endre wikiteksten]

Det totale potensiale oljereserven i Burgan er estimert til mellom 66 og 75 milliardar fat olje, i tillegg til kanskje 2 billionar kubikkmeter naturgass.[5] Bloomberg har estimert at dei gjenverande reservane er 55 milliardar fat i 2005.[6] Akkumulert produkksjon frå 1996 var estimert til kring 28 milliardar fat olje.[4]

Produksjonskapasiteten til Burgan var på 1,7 millionar fat olje i 2005. Det var det fjerde mest produktive oljefeltet i verda i 2013.[7] Dette var lågare enn det hadde vore tidlegare. Det nådde eit høgdepunkt i 1972 med 2,4 millionar fat olje.[4] I 2005 estimerte Kuwait Oil Co. at det attverande levetida til Burgan var 30 til 40 år med ein produksjonsrate på 1,7 millionar fat per dag.[6][7]

I 2010 sa direktøren i Kuwait Oil Company at Burgan produserte kring halvparten av olja frå Kuwait.[5]

Irak-krigen[endre | endre wikiteksten]

I 1991 sette tilbaketrekkande irakiske soldatar Burgan-feltet i brann. Røykskyane frå Stor-Burgan strekte seg 50 km utover og var 2,5 km tjukke. På satellittbilete likna røykskya ein svart slange i ørkenen. The Red Adair Service and Marine Company sløkte 117 av dei brennande brunnane, medan det kanadiske selskapet Safety Boss tok seg av 180 brunnar. CIA-dokument frå 1991 hevda at trass i øydelegginga, var det ingen signfikant uttømming av oljereservane eller fall i produksjonskapasiteten i Burgan-feltet.[8] Tre samlingsstasjonar vart derimot så skadde at dei ikkje kunne reparerast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Connan et al, 2005)
  2. 2,0 2,1 2,2 Ma, Eddie; Sanwoolu, Ayodele; Abdy, Yaser; Al-Jadi, Menayer (2009). «Evaluation of Infill Drilling in the Third Sand Upper Reservoir, Greater Burgan Field, Kuwait». SPE/EAGE Reservoir Characterization and Simulation Conference, 19–21. oktober 2009, Abu Dhabi, UAE (Society of Petroleum Engineers). doi:10.2118/125330-MS. 
  3. Carman, George J. (1996). «Structural elements of onshore Kuwait» (pdf). GeoArabia 1 (2): 239–66. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «The Burgan Field of Kuwait». Greg Croft Inc.. undated, circa 1996. http://www.gregcroft.com/burgan.ivnu. Henta 31. juli 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 The Great Burgan Field, Kuwait by Rasoul Sorkhabi, GeoExpro Volume 9, Issue 1, 2012
  6. 6,0 6,1 Cordahi, James and Critchlow, Andy (2005-11-12), Kuwait's Burgan Oil Field, World's 2nd Largest, Is `Exhausted', Bloomberg, http://www.mindfully.org/Energy/2005/Burgan-Field-Kuwait12nov05.htm, henta 31. juli 2012 
  7. 7,0 7,1 «Top Ten Highest Producing Oil Fields». Oil Patch Asia. http://oilpatchasia.com/2013/10/top-ten-highest-producing-oil-fields/. Henta 7. januar 2014. 
  8. «Status of oil well fire control and reservoir pressures in kuwaiti oil fields». CITE CIA 925441 (Central Intelligence Agency). October 2001. Henta 31. juli 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burganfeltet