Hopp til innhald

Kvaløya i Finnmark

Koordinatar: 70°36′N 23°51′E / 70.600°N 23.850°E / 70.600; 23.850
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kvaløya (fleirtyding).
Kvaløya
Lokalt namn Fálá
Byen Hammerfest ligg på Kvaløya
Byen Hammerfest ligg på Kvaløya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°36′N 23°51′E / 70.600°N 23.850°E / 70.600; 23.850

Areal 336 km²

Høgaste punkt Svartfjellet (629 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Finnmark
Største busetnad Hammerfest (6832 innb.)

Kvaløya (nordsamisk Fálá) er ei øy i Finnmark i Hammerfest kommune. Arealet er 336 km², og øya er såleis den 13. største i Noreg. Det høgste fjellet er Svartfjellet med 630 m.o.h. Hammerfest ligg på nordvestsida av øya. Øya er forbunde med fastlandet gjennom Kvalsundbrua.

Det meste av øya er avrunda, skoglause fjell, men øya har også område med fjellbjørk, som Jansvannsskogen nær Hammerfest, eit av dei nordlegaste skogholta i verda.

Kvaløya er eit viktig område for reindrifta i Finnmark, med ca. 1800 dyr på sommerbeite.

Namnet skal kome av at øya liknar ein kval når ein ser ho frå skipsleia gjennom Sørøysundet.