Kvalsundbrua
Utsjånad
| | |||
| Type | hengebru, vegbru | ||
|---|---|---|---|
| Stad | Kvalsund Noreg | ||
| Opna | 1977 | ||
| Strekning | |||
| Lengd | 741,3 meter | ||
| Fri høgd | 26 m | ||
| Største spenn | 525 m | ||
| Breidd | 10,2 meter | ||
| Kryssar | Kvalsundet | ||
| Materiale | stål | ||
| Utforming | Hengebru | ||
| Transporterer | Biltrafikk | ||
![]() Kvalsundbrua 70°30′48″N 23°57′03″E / 70.5134°N 23.9508°E | |||
Kvalsundbrua er ei hengebru som kryssar Kvalsundet mellom fastlandet og Kvaløya i Kvalsund kommune i Finnmark. Brua vart opna i 1977 og er 741 meter lang. Hovudspennet er 525 meter. Tårnhøgda er 81 meter på Kvalsundsida og 97 meter på Stallogargosida. Seglingshøgda er 26 meter, og brua har i alt 11 spenn. Brua er ein del av riksveg 94.
Kvalsundbrua vart laga etter teikningar av Skjombrua i Nordland. Avvik i bygginga gjorde hovudspennet nokre centimeter lengre, og brua vart slik den lengste i Noreg fram til Skarnsundbrua opna i 1991.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Kvalsundbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 5. mars 2008.
