Reindrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjølking av reinsdyr i Vest-Finnmark på slutten av 1800-talet.

Reindrift har i mange hundreår vore ein viktig næringsveg i arktiske og andre kjølige område. Næringsvegen er knytt til urfolket i nordlege, gjerne arktiske strok, og vert driven i Noreg, Sverige, Finland, Russland, Mongolia, Kina, Grønland, Kanada og Alaska. I Noreg vert næringa sett på som berar av den samiske kulturen. Reinen blir i første rekkje avla for kjøttet og skinnet, men også horna (geviret), mjølka og trekkrafta blir eller er blitt utnytta.

I Noreg er reindrifta regulert av Reindriftsforvaltningen. Innanfor reinbeiteområda i Noreg er det berre personar av samisk ætt som har lov til å drive reindrift. Det vil seie at anten foreldra eller besteforeldra må ha drive med reindrift tidlegare. Utanfor desse områda kan andre òg drive med reindrift.

Geografisk spreiing[endre | endre wikiteksten]

Reindrift er spesielt utbreidd på Nordkalotten, sjølv om næringa også finst i sørlegare strok. I Noreg er det samisk reindrift så langt sør som til Elgå i Hedmark. Næringa blir primært knytt til finsk-ugriske folkeslag som samar og vepsarar, samt nenetsarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lappalainen ja hänen poronsa.jpg
Moderne reindrift i Sverige

Reindrifta på Nordkalotten utvikla seg frå ein samisk veidemannskultur, men det er vanskeleg å tidfeste når overgangen frå jaktvillrein til tamreindrift fann stad. Truleg har det skjedd gradvis og over lang tid. Kanskje også til ulik tid i ulike delar av desse landa.

I norsk samanheng høyrer vi først om reinhald av vikinghøvdingen Ottars historier til Kong Alfred på slutten av 800-talet. Ottar fortalde at han hadde ca. 600 rein, deriblant seks lokkerein som var svært verdfulle blant «finnane» , fordi dei vart nytta som lokkedyr under villreinjakt. Det finst også tidlege skildringar om samar som brukte tamrein som køyrerein, kløvdyr og mjølkedyr.

1500- og 1600-talet minka villreinflokkane sterkt som følgje av auka handel og skattlegging av samane, samtidig som fangst- og jaktmetodane vart meir effektive. Samstundes auka tamreinflokkane, som måtte flyttast rundt på beite etter mønster av villreinen sine vandringar. Mange hevdar at det var i denne epoken at samane vart reindriftsnomadar.

Både samar og bufaste nordmenn kan ha drive med tamrein, men det i samiske miljø vi finn tradisjonen og kunnskapen reindrifta bygger på. I Sør-Noreg finst tamreinlag med tradisjon attende til 1700-talet, omfanget av denne drifta var større før enn no.

I dei samiske områda flyttar reindriftssamane reinen mellom ulike årstidsbeite, men familiane er blitt meir bufaste. Samstundes er reinflokkane blitt større. Det er kjøtproduksjon som gjev reindriftssamane inntektene sine. Samisk handverk med utgangspunkt i produkt frå reinsdyra spelar mindre rolle. Mjølking av rein er det nærast slutt på, og bruk av køyrerein er ikkje lenger viktig for økonomien til samane.

Lappekodisillen av 1751 var den første avtalen som regulerte rettane til samane i Skandinavia.

Areal og betydning[endre | endre wikiteksten]

I norsk samanheng har reindriftsnæringa tilgang på ca. 40 % av landarealet i landet, medan den på svensk side har tilgang på ca. 30%[1] av landareala. Det er ei lita næring i nasjonal målestokk, men både i samisk og lokal samanheng har den stor vekt, av økonomisk, som sysselsetting og kulturelt. Næringa dannar og ein viktig del av det materielle grunnlag for samisk kultur.

På bakgrunn av nasjonale pliktar, etter Grunnloven og folkeretten om urfolk og minoritetar, blir reindriftspolitikken sett i ein generell same- og samfunnspolitisk samanheng. Reindriftspolitikken er derfor bygd på to sjølvstendige grunnlag; ein næringspolitisk produksjonsverdi og ein samepolitisk kulturverdi.

Reindrifta gjennom året[endre | endre wikiteksten]

Samisk reindrift er basert på at reinen skal beite på utmarksbeite heile året. Sidan både naturtilhøva og reinen sine behov varierer gjennom året, er det naudsynt å flytte reinen mellom ulike beiteområde dei ulike delane av beitesesongen. Dette mønstret er det same år etter år, men variasjonen i naturtilhøva fører til store regionale skilnader mellom ulike delar av reindriftsområdet. Reindriftsåret blir delt inn i åtte årstider, og reindriftssamane blir og kalla dei «åtte-årstiders-folk». Avstandane ved hovudflyttinga vår og haust kan variere frå 10 km og opp mot 500 km i Noreg.

  • Driftsåret startar på ettervinteren med at reinen vert flytta til kalvingsområda. Denne flytta er tung for dei kalvdigre simlene som kjem frå lite og einsidig vinterbeite.
  • I april/mai må reinen vere framme på kalvingsplassen som er på vårbeitet. I kalvingsperioden skal banda mellom simle og reinkalv knytast. Dersom reinen vert skremt før dette bandet er knytt, er det fare for at kalven kjem bort frå mora og døyr. Derfor beitar simlene ofte i små grupper. Kalvingslandet bør vere småkupert utan elvar og bratte skrenter.
  • Utover sommaren trekker reinen til fjells for å redusere innsektsplagen samtidig som det er friskare og betre beite i høgda. Sommarbeitet bør vere avgrensa av fjorder eller elvar. Det kan òg vere avgrensa av sperregjerder. Kvar reineigar har eigne øyremerke som han merkar reinen sin med i løpet av sommaren.
  • Bukkeslaktinga skjer før paringstida i september. Reinen vert samla i den korte tida mellom sopptida og brunsten.
  • Nokre stader vert reinen samla for flytting før brunsten. Andre stader beitar reinen til sein haust før han vert flytta til vinterbeitet.
  • Etter at snøen har lagt seg, vert det slakta for andre gong. Då er det i sterkare grad tid for simleslakt.
  • Første del på vinteren beitar reinen på lett tilgjengelege beite med eit jamnt og tørt lag med snø.
  • Etter kvart som vind og regn pakkar snøen, vert tilgangen på beite mindre. Helst vil samane halde flokken samla på eit lite område, men mange stader er det naudsynt å la dyra spreie seg. Då er det viktig å gjete flokken i kantane.

Sidan vert reinen samla og flytt til kalvingsplassane; eit nytt driftsår tar til.

Truslar mot næringa[endre | endre wikiteksten]

Tilgangen på vinterbeite er minimumsfaktor i reindrifta, og arealinngrep er i dag den største trusselen mot tamreindrifta.

Når det samla reintalet blir for stort i forhold til beitetilgangen, aukar faren for tap av dyr. Dei siste tiåra har reintalet auka mykje, spesielt i Finnmark, meir enn det som vert rekna som berekraftig.

I andre område er tap av rein til rovdyr eit hovudproblem. I desse område er jerven årsak til om lag halvparten av tapa. Gaupa tar òg mykje rein, elles er både ulv og kongeørn årsak til tap av rein på beite.

Samisk kultur vert som alle andre kulturar påverka av moderne kulturstraumar. Det er ei utfordring for næringa å kombinere moderne krav til levestandard og familieliv med tradisjonell utøving av ei næring som bygger på samspillet i naturen.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. renskötsel (Svensk Wikipedia)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bull, Kirsti Strøm 1997: Studier i reindriftsrett. Oslo: Tano Aschehoug
  • Jernsletten, Johnny-Leo L.: 1997 Én natur - flere verdener? : om reindrift og oljeboring i Nenets Autonome Okrug, Nord-Vest Russland Universitetet i Tromsø.
  • Berg, Bård A. 2000: Mot en korporativ reindrift : samisk reindrift i Norge i det 20. århundre : eksemplifisert gjennom studier av reindriften på Helgeland. Avhandling til dr.art.-graden, mars 1999, Universitet i Tromsø. Dieđut. : 3/2000. Guovdageaidnu : Sámi instituhtta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

- slik han var den 15.01.2007, men artikkelen er sidan vesentleg omarbeidd