Kvalitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvalitet (av latin qualitas, 'eigenskap' frå qualis, 'korleis, av kva slag') viser til korleis noko er. I daglegtale kan det særleg visa til eigenskapar som er verdsette eller vurderte i høve til visse krav.

Ein snakkar gjerne om god kvalitet, eller berre «kvalitet», i høve til varer og arbeid. Slik kvalitet kan vera subjektiv og visa til korleis forbrukaren eller tilbydaren opplever tenesta, men på mange område finst også kvalitetskontrollar med klare krav. Kvalitet kan setjast opp som motsats til kvantitet eller at noko er billig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]