Kvalsundfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvalsundfjellet vert nytta om heile massivet på austsida av Nerlandsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

Fjellet strekkjer seg frå Skageneset i sør til Langeneset i vest. Av toppar på fjellet, finn ein Skagetåa, Rjåhornet, Varden, Hestinghornet, Teigetua og Nerlandshornet. Av desse er Varden det høgaste med 430 meter over havet.

Mellom Skagetåa og Rjåhornet ligg vatna Lisjevatnet og Lemevatnet.