Kvamsetelva naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvamsetelva naturreservat er eit naturreservat på vestsida av Storfjorden i Hjørundfjorden i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. Naturreservatet blei oppretta ved kongeleg resolusjon 27. juni 2003. Naturreservatet omfattar om lag 597 daa.

Kvamsetelva naturreservat ligg i den svært bratte utmarka til gardane på Finnes, gnr 142 bnr 1 til 5 i Ørsta.

Fredingsvedtaket § 2 seier følgjande: «Formålet med fredinga er å ta vare på ein lokalitet med varmekjær lauvskog med det naturlege plante- og dyrelivet. Av spesielle kvalitetar kan nemnast varmekjær gråor-almeskog.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]