Storfjorden i Ørsta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Storfjorden er den inste delen av Hjørundfjorden, som igjen er ein sidefjord av den 110 km lange Storfjorden. Denne inste delen av Hjørundfjorden er 11 km lang og strekkjer seg inn til Bjørke i botnen av fjorden.

Fjorden startar der Norangsfjorden går austover, ved Stålbergneset. På vestsida blir starten ved Hustadneset. Like innanfor innløpet ligg den isolerte garden Skår på vestsida. Innover i fjorden ligg grendene Viddal og Leira på austsida. Desse har vegsamband til Bjørke, eit vegsamband som går vidare opp Skjåstaddalen og over Bueide til Fyrde i Volda. På vestsida går det veg frå Bjørke og utover til garden Finnes. Storfjorden vart eige sokn i 1929 etter at Storfjord kyrkje (Bjørke kyrkje) stod ferdig i 1920.