Kvantestatistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvantestatistikk er ei grein av statistisk mekanikk som byggjer på kvantemekanikken.

Kvantestatistikken er delt inn i Fermi-Dirac-statistikk og Bose-Einstein-statistikk.

Fermi-Dirac-statistikk eller Fermi-statistikk gjeld for fermion der ein berre kan ha ein enkel partikkel in kvar kvantemekaniske tilstand. Dette vert kalla pauliprinsippet. Bose–Einstein-statistikk gjeld for boson der ein reknar at sannsynet for å plasser ein partikkel i ein særskild tilstand ikkje er avhengig av om det alt er ein partikkel i denne tilstanden.

Når det er mange tilgjengelege tilstandar i høvet til mengda partiklar som skal skildrast, så nærmar kvantestatistikken seg Boltzmann-statistikk, som byggjer på den klassiske mekanikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]